Piorun_Thumbnail

Første skarpskyting med Hærens nye berbare luftvern

Med berbart luftvern (BLV) kan Jegerbataljonen i Finnmark operere friare, og betre kunne verne seg mot dronar og kamphelikopter. Etter kvart skal fleire avdelingar få same systemet.

I første omgang er det no sett opp ein eigen BLV-tropp ved Garnisonen i Sør-Varanger (GSV).

– Dei skal verne Jegerbataljonen slik at dei kan operere friare, bli endå meir effektive, og utgjere ein aukande trussel for ein fiende som vil angripe Noreg, forklarer sjef for Finnmark landforsvar, oberst Jørn Qviller.

– Vi skal etter kvart spreie systemet i Finnmark landforsvar og Finnmarksbrigaden, og forhåpentlegvis til andre avdelingar i Hæren òg på sikt, seier han.

For ein fiende vil det med andre ord ikkje vere like lett å sende kamphelikopter og transportfly inn i Noreg.

Luftvernet, Piorun, er produsert i Polen og er klassifisert som eit «very short range air defence». Dette er det ytste laget av eit meir komplekst luftvern som no blir bygt opp i Finnmark.

– Vi skal byggje opp eit lagdelt luftvern i Finnmark. BLV dekkjer det nære, og er eit «very short»-luftvern. Deretter skal vi ende opp med å ha veldig langtrekkande system, og noko i mellom. Dette vil utgjere det lagdelte luftvernet i Hæren og Forsvaret, som ein fiende må ta omsyn til, forklarer Qviller.

Denne veka fekk den nye BLV-troppen prøve det nye luftvernet med skarpe missil for første gong i Porsangmoen og Halkavarre skyte- og øvingsfelt i Midt-Finnmark. Til stades var mellom andre representantar frå den polske produsenten Mesko.

– For fienden betyr dette at dei må ta omsyn til ein slik trugsel. Dei må fly høgare, fly ut i flankane, eller kanskje dei ikkje tør å fly i det heile tatt. Ingen kan vere sikre på at dei har full fridom til å fly helikopter og dronar inn på norsk territorium med eit berbart luftvern til stades, understrekar Qviller.

Piorun

  • Avtala om kjøp av polske Piorun som det nye norske berbare luftvernet blei inngått i 2022.
  • Piorun betyr «lynglimt», og vart først teken i bruk i 2019.
  • Våpenet blir operert av ein person, og veg totalt om lag 20 kilo
  • Systemet skyt ut eit missil på 10 kilo, som brukar ein varmesøkande sensor for å styre seg inn mot målet.
  • Skyttaren treng difor ikkje styre missilet mot målet etter at det er skote ut. Slike system blir ofte omtalt som «fire-and-forget»-våpen.
  • Piorun har vist seg å vere eit effektivt våpen i Ukraina-krigen.