Linn og Sebastian er konstablar på ein korvett i Skjold- klassa.

Vil ikkje slutte

Linn og Sebastian følte seg ikkje ferdige med Forsvaret etter verneplikta.

Dei hadde lært og opplevd mykje, og ville sjå meir av kva ein kvardag i uniform kunne by på. Som spesialistar og konstablar på Korvett, har dei fått byggje på kompetansen sin og fått smak på ei vidare karriere i Forsvaret.

Førstegongstenesta gav meirsmak

– Det er ein utruleg spennande jobb, der du aldri heilt kva som ventar deg, startar Sebastian.

Han står på bru på ein korvett i Skjold-klassa, verdas raskaste marinefartøy. Her har han vore om bord i 18 månadar. Først som vernepliktig våpenteknisk gast, og no som tilsett og våpenkonstabel. I førstegongstenesta merka han raskt at dette var noko for han. Arbeidsdagen var spennande, og miljøet om bord trivst han godt i. Dette ville han ikkje gi slipp på.

– Eg ytra tidleg ønskje om stilling etter førstegongstenesta. Før eg blei tilsett, forlenga eg førstegongstenesta mi, og etter 17. månadar som vernepliktig fekk eg beskjeden eg hadde venta på; eg hadde fått stilling som våpenkonstabel, fortel Sebastian.

Linn nikkar samtykkande. Også ho var tidlig klar på at ho ville fortsette i Forsvaret. Linn var ikkje på sjøen i førstegongstenesta. Ho hadde stilling som operasjonssoldat på Forsvarets Operative Hovudkvarter i Bodø. Der trivst ho godt, men ho hadde lyst å kome seg ut og sjå korleis operasjonen fungerte i praksis.

– Eg sendte først ein open søknad til heile Marinen, og så ein spesifikt til Korvettskvadron. Eg var heldig og fekk gjestesegle, noko som blei som eit slags jobbintervju. Jobbintervjuet gjekk bra, og eg fekk jobben som sambandskonstabel på korvett, fortel Linn.

Veit aldri kva som ventar

Klokka nærmar seg 12, og dagen er godt i gang om bord. Linn er på veg opp i operasjonsrommet om bord. I den eine handa har ho sambandet, og i den andre ei boks med energidrikk. Det har vore ein lang dag, og ei natt med lite søvn, noko som kan skje når fartøyet er ute og seglar.

– Eg har berre sove ein time sidan klokka 2 i natt, seier Linn og smiler.

Ho har kanskje sove lite, men det går ikkje utover humøret. Når fartøyet ligg til kai, har dei vanlege arbeidsdagar frå 8-16, men på sjøen er ho vant til at arbeidsdagen kan variere.

– Til vanleg går vi 6 timar på og 6 timar av. Nokre gongar må vi jobbe litt lenger, andre gongar kan vi sove litt lenger, fortel Linn.

Det er nettopp uvissheita og det å ikkje alltid vite kva som skal skje, som både Linn og Sebastian synes er spennande.

– Ofte er det stille lenge, og så skjer alt på ein gong. Det er difor viktig å alltid vere på. Nokre gongar blir det lite søvn, men om ein har moglegheit så prioriterer vi alltid å få kvile auga litt. Vi veit aldri når vi plutselig må på vakt, eller når ein alarm går av. Då er det ein fordel å vere utkvilt når det skjer, seier Sebastian.

Jobbar tett saman

Om bord på Korvett har alle ei viktig rolle. Sjølv om Linn og Sebastian er sambandskonstabel og våpenkonstabel, har dei og andre viktige oppgåver.

– Eg arbeider hovudsakleg innanfor operasjon og samband om bord, men har og oppgåver i forbindelse med fortøying og brann- og havari, fortel Linn.

Det same gjeld for Sebastian. Ein Korvett er utstyrt med blant anna kanon og 12-7mm maskingevær. Desse våpena må vedlikehaldas og bemannast om nødvendig. Som våpenkonstabel, er det hovudsakleg dette Sebastian arbeider med, men han har fleire ansvarsområde om bord.

– Eg har sekundærfunksjon som røykdykkar, og må bidra i ein brann- og havarisituasjon. No har eg også blitt fortøyingsleiar, og har ansvar for at fortøying av fartøyet skjer på ein effektiv og god måte, fortel Sebastian.

Mange moglegheiter vidare

Dei to visekonstablane trivst som spesialistar på sjøen, og ser begge for seg ei framtid i uniform.

– Det finns mange moglegheiter vidare, og eg ser absolutt for meg at eg vil gå vidare i Forsvaret. For eksempel ved å byggje på med befalsskule og våpenteknisk utdanning, seier Sebastian og smiler.

Linn nikker samtykkande.

– Eg trives veldig godt om bord, og skal i vertfall vere her eit år til. Seinare blir det anten studie, eller som Sebastian, å byggje på med befalsskule for å kunne satse på ei vidare forsvarskarriere som spesialist, avsluttar Linn.