Norsk English

Norske soldatar på plass i Irak

Det norske militære bidraget til Irak er no på plass og har starta sitt oppdrag.

Den norske regjeringa vedtok i oktober 2014 å delta med militær kapasitetsbygging i Irak. Forsvaret har planlagt og førebudd den norske deltakinga i koalisjonens treningssenter i Erbil og ​​i Bagdad. Styrkebidraget har eit øvre tak på 120 soldatar.

Om bidraget

Det norske bidraget i Erbil inngår i den tysk-leia styrken til Nord-Irak, kor Tyskland og Italia rullerer på leiinga. Bidraget i Bagdad inngår i den amerikansk-leia koalisjonsstyrken som skal trene irakiske tryggingsstyrkar i hovudstaden. 

Det er behovet frå irakiske styresmakter for utdanning av tryggingsstyrkar som regulerer det nor​ske oppdraget. 

I tillegg til Erbil og Bagdad, er det norsk personell i stabs- og støttefunksjonar i ulike hovudkvarter i Kuwait, Bagdad og Erbil.

Kva skal dei gjere?

Den norske styrken i Erbil skal trene dei irakiske tryggingsstyrkane i grunnleggjande soldatferdigheiter og då innan fagområda:

  • Krigens folkerett og trygging av sivile
  • C-IED (Counter IED) – handtere og uskadeleggjere eksplosivar
  • Military Operations in Urban Terrain (MOUT) – strid i bustadområde
  • Defence OPS – defensive operasjonar
  • Markmanship – skytetrening
  • First Aid - førstehjelp
  • Controlling Indirect Fire – leie indirekte eld (BK o.l.)

Ikkje i strid

Dei norske soldatane i Bagdad skal utføre tilsvarande grunnleggjande utdanning på soldatferdigheiter for dei irakiske tryggingsstyrkane.

Noreg skal ikkje delta med stridande einingar og skal ikkje følgje dei irakiske styrkane ut av leir. Med «leir» meina​st dei områda kor treninga skjer.

Sundag 24. mai starta den norske kontingenten i Erbil sin første utdanningsperiode, kor dei skal lære opp personell tilhøyrande ein bataljon frå den irakiske tryggingsstyrken. Den første utdanningsperioden varar til 17​. juni.​