7 KV Fartøyer til kai på Sortland7 KV Fartøyer til kai på Sortlandhttp://forsvaret.no/media/PubImages/HK_009_03-12-13_03.12.13.jpghttp://forsvaret.no/media/PubImages/Forms/DispForm.aspx?ID=663
7 KV Fartøyer til kai på Sortland7 KV Fartøyer til kai på Sortlandhttp://forsvaret.no/media/PubImages/HK_008_03-12-13_03.12.13.jpghttp://forsvaret.no/media/PubImages/Forms/DispForm.aspx?ID=664
7 KV Fartøyer til kai på Sortland7 KV Fartøyer til kai på Sortlandhttp://forsvaret.no/media/PubImages/HK_010_03-12-13_03.12.13.jpghttp://forsvaret.no/media/PubImages/Forms/DispForm.aspx?ID=662

Kystvakta

Kystvakta er Noregs vaktarar på havet.

​​​​​Kystvakta jobbar etter mottoet «Alltid til stades – klare med det vi har», og vi dekker eit enormt område. Vår evne til å flytte på oss og operere over tid, gjer at vi kan konsentrere innsatsen der ein treng det. Slik kan vi ​vere raskt ​på plass for å løyse oppdrag og gi bistand.​

​​Etaten disponerer i dag 15 fartøy. I tillegg har Kystvakta maritime helikopter og innleidde sivile fly. Orion, Luftforsvaret sine maritime overvakingsfly, flyr dessutan for Kystvakta frå tid til annan. 

Kystvaktas leiing held til på Sortland i Vesterålen. Herfrå leier dei operasjonar, og alle fartøy har Sortland som heimebase. Kystvaktfartøya får dessutan støtte frå Haakonsvern og Ramsund orlogsstasjonar.​ 

Oppgåver

Våre mest sentra​le oppgåver er fiskerioppsyn, miljøvern, søk og redning og tolloppsyn. 

Kystvaktlova gir Kystvakta rom til å drive kontroll på vegner av fleire statlege etatar, og vi samarbeider mellom anna med politiet og Tollvesenet, Kystverket og Sjøfartsdirektoratet. Felles for dei fleste av Kystvakta sine oppdrag, er å hjelpe til med å trygge miljøet i ei sårbar sone. 

Kystvakta har ei viktig rolle i den nasjonale miljøberedskapen langs kysten og på havet. Kystvakta yter òg viktig støtte til norsk forsking.​​

 Nokre av Kystvakta sine fartøy

 

 

Kystvakten – Barentshavklassen<img alt="" src="/media/PubImages/Barentshav-klassen.JPG" style="BORDER:0px solid;" />Kystvakten – Barentshavklassenhttp://forsvaret.no/fakta/utstyr/Sjoe/Barentshavklassen
KV Harstad<img alt="" src="/media/PubImages/SSS_014_26.02.jpg" style="BORDER:0px solid;" />KV Harstadhttp://forsvaret.no/fakta/utstyr/Sjoe/KV-Harstad
Kystvakten – Reineklassen<img alt="" src="/media/PubImages/MS_061_21.02.jpg" style="BORDER:0px solid;" />Kystvakten – Reineklassenhttp://forsvaret.no/fakta/utstyr/Sjoe/Reine-klassen

Publisert 16. oktober 2014 16:14.. Sist oppdatert 28. juni 2016 10:30.