
Verdiane våre
Forsvaret er Noregs sterkaste maktmiddel og forvaltar utstyr og materiell for store summar. Derfor er det viktig at vi har gode haldningar og god etisk forståing.
Vi som tenestegjer i Forsvaret, tener også Noreg. Forsvaret skal verne nasjonen og samfunnet sine grunnverdiar som menneskeverd, fridom og demokrati.
Vi i Forsvaret representerer derfor noko større enn oss sjølve. Dette krev at vi har eit sterkt og godt verdigrunnlag som definerer kven vi er, og kva vi står for.
Verdigrunnlaget fortel korleis vi ønskjer å bli oppfatta internt, men òg korleis samfunnet oppfattar oss. Handlingane våre skal reflektere Forsvarets kjerneverdiar: respekt, ansvar og mot.
Forsvarets grunnverdiar
-
- Vi ser kvarandre som menneske og anerkjenner menneskeverdet i kvar og ein, under alle høve
- Vi aksepterer ulikskap og verdset mangfald
- Vi byggjer sterke relasjonar og samhald for å løysa oppdrag
- Vi behandlar alle med respekt, uavhengig av bakgrunn, identitet og tilhøyrsle
- Vi behandlar andre slik vi sjølve forventar å bli behandla
- Vi respekterer samfunnet sine grunnverdiar og kulturelle tradisjonar
- Vi lyttar til og anerkjenner idéar, råd og argument
- Vi er lojale mot avgjerder
-
- Vi tar ansvar for oppdraget, oss sjølve, materiellet og naturen vår
- Vi støttar og hjelper kvarandre
- Vi er medvitne på rolla vår som representantar for Noreg
-
- Vi gjer det rette, sjølv om det inneber personleg risiko og frykt
- Vi bidrar med eigne meiningar og kjem med innspel til forbetringar
- Vi tar opp uetiske og ulovlege handlingar samt upassande oppførsel med ein gong
- Vi er reflekterte og forstår konsekvensane av handlingane våre
- Vi trenar opp eigen kapasitet – fagleg, fysisk og mentalt