Oppgåvene våre
På oppdrag frå politikarane løyser Forsvaret ei rekkje oppdrag for å halde Noreg trygt.
Forsvaret er det sterkaste verkemiddelet norske styresmakter har. Politikarane prioriterer og avgjer korleis Noreg skal rette seg innan tryggingspolitikk og forsvarspolitikk. Ut frå dette vedtar dei korleis Forsvaret skal sjå ut, og korleis Noreg skal bruke Forsvaret.
Sjølv om Forsvaret er Noregs militære makt, skal vi ikkje berre verne landet vårt mot angrep utanfrå. Politikarane har bede Forsvaret om å løyse fleire oppgåver på vegne av samfunnet. Vi har samanfatta oppgåvene våre i fem hovudoppdrag.
Dette gjer Forsvaret
-
Den viktigaste oppgåva vår er å skape tryggleik for Noreg og oss som bur her. Vi skal sjå til at ingen tør å angripe landet vårt, og vi skal sørgje for at ingen legg noko som helst press på norske verdiar, demokratiet vårt eller politikarane våre.
Heile Noreg – heile døgnet
Vi har ein godt utrusta hær med dyktige og erfarne soldatar, og vi har eit landsdekkande og modernisert heimevern. Sjøforsvaret har ubåtar og fartøy som jamleg er ute på lange tokt. Luftforsvaret står klare 24 timar i døgeret og vaktar lufta over oss. Vi har spesialstyrkar i verdsklasse, mens Cyberforsvaret tryggjar Forsvarets digitale og tekniske infrastruktur. Etterretningstenesta bidrar til å gi Forsvaret eit komplett bilete av kva som hendar rundt oss. Alt dette gjer Forsvaret i stand til å svare på trugslane i ein moderne konflikt.
For å fortsetje å kunne gjere dette, må vi stadig fornye oss. Vi må satse på god utdanning, kvalifiserte folk og godt utstyr. Dei neste åra blir Forsvaret styrkt med toppmoderne F-35 kampfly, P-8 Poseidon overvakingsfly, nye helikopter, kampvogner, artilleri, luftvern og ubåtar. I tillegg har vi gjort store endringar i personell og utdanning. Vi samarbeider også tett med sivile selskap og offentleg sektor.
Sterkare saman
Det er også vanskeleg for eit lite land å løyse alle oppgåvene aleine. Derfor er vi medlem av forsvarsalliansen NATO. Alliansen garanterer tryggleiken vår, men samstundes må vi stille opp om eit anna NATO-land skulle bli angrepet. For å sikre at styrkane kan jobbe saman, må vi øve jamleg. For Noreg er det viktig at NATO øver hos oss. Det gjer at soldatar frå heile alliansen kjenner norsk klima og norske høve.
-
I kritiske situasjonar må politikarane våre fatte vanskelege og viktige avgjersler. Då er det viktig at politikarane veit mest mogleg om kva som hendar rundt oss. Det hjelper Forsvaret dei med. Vi overvaker norske landområde, havet vårt, luftrommet og det digitale rom. Radarkjeda i nord overvaker norsk luftrom, og kampflya våre står klare til å rykke ut på kort varsel.
Informerer politikarane
Etterretningstenesta samlar inn og analyserer informasjon knytt til framande statar, organisasjonar og menneskjer som kan ha noko å bety for Noreg og norske interesser. Analysane gir norske styresmakter eit godt grunnlag for å ta riktige avgjersler i norsk utanriks- og tryggingspolitikk.
Etterretningstenesta støtter òg militære operasjonar med situasjonsanalysar. Informasjonen gjer at Forsvaret kan handtere trugslar og utfordringar best mogleg.
Deler informasjon
Etterretningstenesta har ansvaret utanfor Noregs grenser. Det er Politiets tryggingsteneste (PST) som har ansvaret for å verne borgarar, interesser og installasjonar mot trugslar inne i Noreg. Dei to etatane deler informasjon om terrorisme og andre trugslar på tvers av landegrensene.
-
Forsvaret skal hevde norsk suverenitet og forsvare norsk territorium – om naudsynt med militær makt. Derfor må vi vere til stades i lufta, på land og på sjøen. Dette gjer vi kvar dag, året rundt. All aktiviteten vår blir koordinert av Forsvarets operative hovudkvarter (FOH).
Passar på heile landet
Kystvakta og Sjøforsvaret handhevar norsk suverenitet til sjøs. Med fregattar, ubåtar og korvettar hindrar Marinen at uvedkommande får tilgang til norsk territorium. Kystvakta passer på kysten vår og driv fiskerikontroll og anna oppsyn.
I luftrommet er vi ein del av NATOs luftforsvar. Der bidrar vi med luftovervaking og kampfly. På land er Grensevakta kontinuerleg på plass for å overvake Noregs 198 kilometer lange grense mot Russland. Dei tilhøyrer Garnisonen i Sør-Varanger som vaktar grensa kvar dag, heile året.
-
Noreg er ein del av verda. Og vi opplever stadig at hendingar i utlandet raskt får konsekvensar her heime. Ved å delta i militære og fredsstøttande operasjonar i utlandet, bidrar vi òg til fred og stabilitet i Noreg. Derfor deltar Forsvaret i utlandsoperasjonar for FN, NATO og andre partnarar.
På plass verda over
Vi er medlem i NATO og FN, og det forpliktar Noreg til å stille opp. Sidan andre verdskrigen har over 100 000 norske kvinner og menn deltatt i internasjonale operasjonar.
Noreg har fleire gonger leia og tatt del i NATOs maritime styrkar. Desse flåtegruppene hevdar suverenitet i dei enorme havområda til alliansen – også norske farvatn.
Bidrar til stabilitet
Noreg er ein viktig bidragsytar for verdsfreden. Regjeringa og Stortinget avgjer om Noreg skal delta i operasjonar i utlandet.
Dei siste åra har norske soldatar mellom anna bidratt i Afghanistan, Mali, Litauen, Irak – og i ulike internasjonale operasjonar på havet.
-
I ein krisesituasjon vil Forsvaret trenge hjelp frå sivilsamfunnet. Men Forsvaret er òg ein viktig hjelp for sivilsamfunnet. Ved store ulykker, naturkatastrofar, alvorleg kriminalitet eller terrorangrep kan Forsvarets mannskapar og utstyr vere viktig for politiet og andre styresmakter.
Bidrar når vi trengst
Det er politiet som sørgjer for lov og orden i Noreg. Men når politiet treng hjelp, og ber oss om støtte, har Forsvaret store ressursar å bidra med.
Alle Forsvarets ressursar kan ta del i sivil krisehandtering, avhengig av situasjonen og kva sivile styresmakter treng. Likevel skal Forsvaret prioritere dei militære primæroppgåvene sine. Dette er oppgåver som berre Forsvaret kan og skal løyse.
Døme på støtte til sivilsamfunnet er søk etter sakna personar, fjerning av eksplosiv, og terrorberedskap i maritim sektor og ved olje- og gassinstallasjonar. Vi gjer dette i tett samarbeid med politiet og andre offentlege etatar.
Reddar liv og miljø
Forsvaret støtter Hovudredningssentralen og politiet i samband med søk og redning til sjøs og på land.
Kystvakta er på vakt døgnet rundt og hjelper til i redningsoperasjonar eller leiteaksjonar på sjøen. Kystvakta har også slepe- og oljevernkapasitet, noko som er viktig for å hindre katastrofar og å minimere miljøskadar. Dette gjer at Kystvakta har ei sentral rolle i den nasjonale miljøberedskapen langs kysten og på havet.