Norsk English
Mannskapet på Orion P3 på Andøya flystasjon / The crew of a norwegian Orion plane

Andøya

Luftforsvarets base Andøya er heimebase for Forsvarets maritime overvakingsfly, P-3 Orion.

Adresse
Andøya flystasjon, 8480 Andenes
Kontakt
915 03 003

P-3 Orion hevdar norsk suverenitet i nordområda ved å kontrollere fiskeressursar og gjere ubåtsøk langt til havs. Rundt 300 menneske har sitt daglege arbeid på 133 luftving. Basen er ei hjørnesteinsverksemd og ein viktig arbeidsplass i Andøy kommune.

Forsvaret på Andøya samarbeider mellom anna med Andøya Space Center, som er eit senter for oppskyting av forskingsrakettar og testing av ulike våpensystem.

Frå 2023 skal P-8 Poseidon overta oppdraga for P-3 Orion, og aktiviteten på Andøya blir dermed flytta til Evenes flystasjon.

Aktivitetstilbod

Kommunen driv idrettsskule for born i alderen seks til ti år på Andenes, Dverberg og Risøyhamn. Av militære idrettsanlegg finst det treningsrom på dei ulike avdelingane rundt på basen, men det er òg mogleg å nytte dei sivile idrettsanlegga i direkte nærleik. Kvalsafari og nordlyset er store turistattraksjonar i Andøy kommune, og turistsesongen varar heile året.

Kommunen

Andøy kommune strekkjer seg over heile Andøya og delar av Hinnøya. Han er den nordlegaste kommunen i Nordland fylke og har rundt 4600 innbyggarar. Andøya har ferjefritt samband mellom fastlandet og øyane. Sjå nettstaden til Andøy kommune for meir informasjon.

Forsvarsbygg Basen har meir informasjon om Forsvarets bustader i kommunen.

Familiekoordinator

For å gi betre støtte til forsvarsfamiliane, er det familiekoordinatorar ved dei fleste tenestestadene til Forsvaret. Koordinatoren skal leggje til rette for familiesamlingar, møte og gi informasjon om kva avdelinga kan tilby familiane.

Kontakt basen eller avdelinga di for å komme i kontakt med familiekoordinatoren din.