20191213EWL_Jagerfly i formasjon_Bergen-2724_1

Bergen

Bergen har til alle tider vore ein sentral del av norsk forsvarshistorie, og Forsvaret er framleis tydeleg til stades i byen.

Kontakt
915 03 003

Byen mellom dei sju fjell har i fleire hundre år vore ein økonomisk og strategisk viktig by for Noreg. Derfor har Forsvaret vore tungt til stades i byen og regionen. Mellom anna er Haakonsvern Nord-Europas største marinebase, men Forsvaret har òg andre avdelingar byen.

  1. Sjøkrigsskulen held til i Wallemsviken ved Laksevåg. Skolen er organisert under Forsvarets høgskule og tilbyr bachelorutdanningar i ingeniørfag, navigasjon, logistikk og fleire andre fag.

  2. Ubåtbunkeren i Vågedalen ligg i Laksevåg, like vest for Bergen sentrum. Her utfører dei reparasjonar og omfattande overhalingar av Sjøforsvarets seks ubåtar. Verkstaden har også lager- og administrasjonslokale.

  3. På 1100-talet var kongsgarden på Holmen hovudsete til den norske kongen. Garden låg der Bergenhus festning ligg i dag, og kongemakta etablerte fleire forsvarsverk for å verne kongssetet. På slutten av 1600-talet blei forsvarsanlegget bygd kraftig ut, og i dag består Bergenhus av indre festningsområde, Koengen og Sverresborg. Les meir hos Forsvarsbygg her. Festninga er hovudkvarter til Bergenhus heimevernsdistrikt (HV-09) og Bergenhus festningsmuseum. I tillegg har tilsette frå fleire andre forsvarsavdelingar kontor her.

Aktivitetstilbod

På Haakonsvern orlogsstasjon er det idrett- og treningsbygg med symjehall for forsvarstilsette og familiane deira. Tilsette frå andre forsvarsavdelingar kan òg nytte dette tilbodet.

Som landets nest største by med ein kvart million innbyggarar, har Bergen eit hav av tilbod innan kultur- og fritidsaktiviteter. Her er mange flotte turområde, både til lands og til havs. Byen har også gode veg- og jernbanesamband, og Bergen lufthamn Flesland har direkteflygingar til ei rekkje stader i landet og fleire destinasjonar i Europa. Sjå nettstaden til Bergen kommune for meir informasjon om tilbod og aktivitetar i kommunen.

Forsvaret har 220 utleigebustader til disposisjon for tilsette i Bergen og omland. Sjå Forsvarsbygg Basen for meir informasjon om korleis du søkjer om å leie ein forsvarsbustad.

Familiekoordinator

For å gi betre støtte til forsvarsfamiliane, er det familiekoordinatorar ved dei fleste tenestestadene til Forsvaret. Koordinatoren skal leggje til rette for familiesamlingar, møte og gi informasjon om kva avdelinga kan tilby familiane.

Kontakt basen eller avdelinga di for å komme i kontakt med familiekoordinatoren din.