børse8

Bjerkvik

Bjerkvik garnison er hovudkvarter for Forsvarets verkstad Bjerkvik og Nord-Hålogaland heimevernsdistrikt.

Adresse
Småbergan 11, 8530 Bjerkvik
Kontakt
76 92 52 00

Forsvarets verkstad Bjerkvik er ei produksjonseining under Forsvarets logistikkorganisasjon (FLO). Verkstaden reparerer og driv ettersyn med Forsvarets køyretøy, kommunikasjonssystem og våpen. Dei leverer tekniske tenester og utfører ingeniørarbeid og vedlikehald av elektronikk, køyretøy, våpen og optikk. 

Bjerkvik er òg hovudkvarter for Nord-Hålogaland heimevernsdistrikt (HV-16). Distriktsstaben til HV-16 i Bjerkvik har rundt 30 fast tenestegjerande offiserar og befal, i tillegg til nokre sivile tilsette.

Aktivitetar og lokalmiljø

Bjerkvik er ein tettstad med rundt 1100 innbyggarar, og Forsvarets personell er ei viktig yrkesgruppe i bygda.

Bjerkvik ligg i Narvik kommune, heilt inst i Herjangen, ein sidearm av Ofotfjorden. Evenes lufthamn er fire mil unna og har direkteflygingar til heile landet. Køyreturen til Narvik sentrum tar 12 minutt.

Vil du vite meir om Bjerkvik og Narvik? Sjå Narvik kommunes nettstad.

Bygda har fleire gode tilbud for Forsvarets tilsette. Staden har mellom anna eit aktivt skyttarlag og idrettslag med avdelingar for symjing, fotball, langrenn og orientering. Det er òg gode moglegheiter for å drive med musikk her.

I tillegg er Bjerkvik ein utmerkt arena for natur- og fritidsaktivitetar som fiske, båtliv og fjellvandring. Narvik har desstuan mange kulturtilbod og eit skianlegg sentralt i byen.

Bustad

Sjå Forsvarsbygg Basen for informasjon om Forsvarets leigebustader i området.

Familiekoordinator

For å gi betre støtte til forsvarsfamiliane, er det familiekoordinatorar ved dei fleste tenestestadene til Forsvaret. Koordinatoren skal leggje til rette for familiesamlingar, møte og gi informasjon om kva avdelinga kan tilby familiane.

Kontakt basen eller avdelinga di for å komme i kontakt med familiekoordinatoren din.