Norsk English
Sjef HV-14, Bengt Henriksen, i møte med soldater under øvelse Helgeland 2018. / Chief HV-14, Bengt Henriksen, in conjunction with soldiers during exercise Helgeland 2018.

Drevjamoen

Drevjamoen leir i Nordland er base for einingar i Heimevernet og Forsvarets logistikkorganisasjon.

Adresse
Drevjamoen leir, 8664 Drevja
Kontakt
915 03 003

Drevjamoen leir ligg tre mil nord for Mosjøen, kommunesenteret i Vefsn kommune. Leiren blir disponert av Sør-Hålogaland heimevernsdistrikt (HV-14) og Forsvarets logistikkorganisasjon.

Aktivitetstilbod

Leiren ligg 25 minutts køyretur nord for Mosjøen, midt i Nordland fylke. Byen har 10 000 innbyggarar, eit tradisjonsrikt handelssenter, og mykje gammal trehusbusetting ved foten av Øyfjellet. Sjå nettstaden til Vefsn kommune for meir informasjon.

Drevjamoen har ei rekkje aktivitetstilbod for dei som er knytte til leiren. Her er det eige treningsrom, og i Mosjøen er det eit stort idrettsanlegg med symjehall. Ein større alpinbakke, fleire lysløyper og eit godt tilrettelagt friluftsområde er òg blant tilboda i Mosjøen. Sandnessjøen med 6000 innbyggarar ligg rundt 35 minutts køyring unna leiren. Også her er det mange kultur- og treningstilbod.

Bustad

Forsvarsbygg Basen har informasjon om utleigebustader i området.

Familiekoordinator

For å gi betre støtte til forsvarsfamiliane, er det familiekoordinatorar ved dei fleste tenestestadene til Forsvaret. Koordinatoren skal leggje til rette for familiesamlingar, møte og gi informasjon om kva avdelinga kan tilby familiane.

Kontakt basen eller avdelinga di for å komme i kontakt med familiekoordinatoren din.