sesjon-hamar

Hamar

Forsvarets personell- og vernepliktssenter ligg på Hamar og forvaltar verneplikta i Noreg.

Sted
Adresse
Storhamargata 100, 2315 Hamar
Kontakt
915 03 003

Forsvarets personell- og vernepliktssenter (FPVS) har hovudkontoret sitt på Hamar. Senteret forvaltar militært personell for Forsvaret og har ansvaret for sesjon og innkalling til førstegongsteneste. Lokala ligg eit kvarters gåtur frå jernbanestasjonen og sentrum. Cyberforsvaret har også ei avdeling på Hamar.

Aktivitetstilbod

Hamar kommune har 31 000 innbyggarar og ligg på austsida av Mjøsa. Byen er ein del av Mjøsregionen og har eit rikt kultur- og idrettsliv. Om sommaren er Mjøsa eit naturleg rekreasjonsområde. Byen har fleire badestrender like ved sentrum, og eit yrande båtliv. Om vinteren lokkar Vangsåsen svært mange ut på skitur. Hamar har fleire idrettsklubbar som hevdar seg i ishockey, bandy, handball og fotball.

Høgskolen i Innlandet har studiestad på Hamar og tilbyr fleire fagutdanningar i byen.

Byen har gode motorveg- og jernbanesamband sørover til Oslo lufthamn og Oslo. Sjå Hamar kommunes nettsider for meir informasjon.

Bustad

Forsvaret har rundt 25 bustader til leige i Hamarregionen. Dei fleste ligg sentrumsnært, men nokre ligg i nabokommunane Ringsaker, Stange og Løten. Bustadene på Hamar er reservert tilsette ved Forsvarets personell- og vernepliktssenter og Cyberforsvaret. 

Forsvaret disponerer dessuten fleire hyblar og dobbeltkvarter i Hamarregionen. Sjå Forsvarsbyg Basen for meir informasjon.

Familiekoordinator

For å gi betre støtte til forsvarsfamiliane, er det familiekoordinatorar ved dei fleste tenestestadene til Forsvaret. Koordinatoren skal leggje til rette for familiesamlingar, møte og gi informasjon om kva avdelinga kan tilby familiane.

Kontakt basen eller avdelinga di for å komme i kontakt med familiekoordinatoren din.