20190914SS_3

Horten

Horten har spelt ei sentral rolle i norsk forsvarshistorie. I dag har Forsvaret framleis fleire einingar i byen.

Kontakt
915 03 003

Horten er kjend for den tidlegare orlogsstasjonen og verftet Karljohansvern, og øya Vealaus med fortet Den norske løve. Du kan lese meir om historia hos Forsvarsbygg.

I dag er Karljohansvern open for publikum, men Forsvaret eig framleis store delar av bygningsmassen. Forsvarets logistikkorganisasjon har ein verkstad for vedlikehald av maritimt utstyr der, og Kongelege norske marines musikkorps har hovudkvarter på Karljohansvern.

Øya Vealaus like utanfor er framleis militært område, og blir nytta til øvingar og treningar av mellom andre Forsvarets spesialstyrkar.

Aktivitetstilbod

Horten ligg sentralt på vestsida av Oslofjorden i Vestfold og Telemark fylke. Kommunen har 24 000 innbyggarar fordelte på byane Horten og Åsgårdstrand, og tettstadene Nykirke og Skoppum. Kommunen har ei rekkje fritids- og kulturtilbod, utandørs og innandørs idrettsanlegg, symjehall og treningssenter. Les meir på Horten kommunes nettside.

Kommunen har gode veg- og sjøsamband, og Vestfoldbanen har stasjonar på Nykirke og Skoppum. Tønsberg ligg eit par mil sørover, og køyretida til Oslo er om lag ein time og eit kvarter.

Sjå Forsvarsbygg Basen for informasjon om Forsvarets utleigebustader i området.

Familiekoordinator

For å gi betre støtte til forsvarsfamiliane, er det familiekoordinatorar ved dei fleste tenestestadene til Forsvaret. Koordinatoren skal leggje til rette for familiesamlingar, møte og gi informasjon om kva avdelinga kan tilby familiane.

Kontakt basen eller avdelinga di for å komme i kontakt med familiekoordinatoren din.