Noregs nye kampflysystem F-35 er sjølve ryggraden i Forsvaret. Fram mot 2025 skal Noreg ta imot 52 slike kampfly som skal operere under 132 luftving på Ørland. Dei første flya landa på Ørland i 2017, og kampflybasen har gått gjennom ei storstilt modernisering og utbygging dei siste åra. Mellom anna har flystasjonen fått lengre rullebane, nytt skvadronbygg, vedlikehaldsbygg – i tillegg til nye forlegningar, hangarar og forsyningsbygg.
Når kampflysystemet er fullt oppe og går i 2025, blir Ørland eit viktig senter for den operative verksemda til Forsvaret.
Andre avdelingar
I tillegg til F-35 opererer Luftvernbataljonen med NASAMS III missilsystem, og Baseforsvarsbataljonen med kompani som deltar i både nasjonale og internasjonale oppdrag. Bataljonen er Luftforsvarets største avdeling innen styrkebeskyttelse. Flystasjonen husar også fleire andre avdelingar, som element frå Forsvarets logistikkorganisasjon og Cyberforsvaret. Redningstenesta 330 skvadron har også ei avdeling med tre SAR Queen AW101 redningshelikopter.
Flystasjonen er jamleg vertskap for store internasjonale og norske øvingar. NATO har ein framskoten lokalitet for alliansen sine AWACS overvakingsfly, og har derfor eit solid fotavtrykk på flystasjonen.