Foto-JulieHjermstad-4333

Setnesmoen

Setnesmoen leir ligg ved Åndalsnes sentrum i Møre og Romsdal. Leiren er hovudkvarter til Møre og Fjordane heimevernsdistrikt.

Adresse
Setnesvegen 54, 6300 Åndalsnes
Kontakt
915 03 003

Leiren ligg ved Veblungsnes, like sør for Åndalsnes sentrum. Setnesmoen har tradisjon som militærforlegning og har fleire skytebaner. Under andre verdskrigen laga tyskarane flyplass her. I dag er leiren hovudkvarteret til Møre og Fjordane heimevernsdistrikt (HV-11). Staben har 23 fast tenestegjerande offiserar, seks sivilt tilsette og fem lærlingar. Forsvaret held også sesjon her kvart år.

Leiren har blitt nasjonalt kjend som innspelingsstad for TV2-serien «Kompani Lauritzen».

Aktivitetar og lokalmiljø

Åndalsnes ligg i Rauma kommune i Møre og Romsdal fylke. Kommunen har rundt 7500 innbyggarar og er dekt av mektige fjellområde med kjende attraksjonar som Trolltindan, Trollveggen, Romsdalshorn og Venjetindan. Høgste punktet er Pyttegga på 1999 meter over havet. Åndalsnes har både tog- og bussamband. 

Setnesmoen har blant anna golfbane og fotballbane. Du finn meir informasjon på nettstaden til Rauma kommune. Du kan også lese meir om friluftsaktivitetar og turar i regionen på denne sida.

Bustad

Forsvaret har bustader for personell tilknytt Setnesmoen. Sjå Forsvarsbygg Basen for meir informasjon. 

Familiekoordinator

For å gi betre støtte til forsvarsfamiliane, er det familiekoordinatorar ved dei fleste tenestestadene til Forsvaret. Koordinatoren skal leggje til rette for familiesamlingar, møte og gi informasjon om kva avdelinga kan tilby familiane.

Kontakt basen eller avdelinga di for å komme i kontakt med familiekoordinatoren din.