Norsk English
Høggumpen (fjellet) hadde pyntet seg i flotte høstfarger til sjefsbytte ved 131 Luftving! Luftvingens ansatte, vernepliktige og representanter for Luftvingens uteavdelinger står oppstilt og klar til å motta sin nye sjef.

Sørreisa

Joint Air Operations Centre avdeling Sørreisa overvaker luftrommet i Noreg døgnet rundt.

Adresse
Luftforsvarets stasjon Sørreisa, 9310 Sørreisa
Kontakt
915 03 003

Inne i fjellet Høggumpen i Sørreisa ligg Joint Air Operations Centre avdeling Sørreisa. Senteret held auge med luftrommet i og utanfor Noreg 24 timar i døgnet, 365 dagar i året. Personellet lagar eit luftbilete som til ei kvar tid er korrekt og oppdatert. Det gjer dei ved å lokalisere og identifisere all flyaktivitet over og i nærleiken av norsk territorium. I tillegg bidreg avdelinga til planlegging, koordinering og gjennomføring av luftoperasjonar.

På bakgrunn av dette luftbiletet blir kampfly og andre av Forsvarets luftfartøy dirigerte og brukte alt etter situasjonen. Det kan vere snakk om alt frå treningsoppdrag og luftoperasjonar, til støtte ved ei sivil flykapring.

Sensorskvadronen, som tidlegare låg under Cyberforsvaret, har luftradarar plassert fleire stader i landet – frå lengst i nordaust til heilt sør. I Sørreisa finn du òg Luftforsvarets kontroll- og varslingsskole, og einingar tilknytt Forsvarsbygg. Forsvarets logistikkorganisasjon er representert her med Forsyningsseksjon Bardufoss, som leverer forsyningar og tenester til Luftforsvaret i Sørreisa.

Luftforsvarets programmeringssenter driv med systemutvikling og programmeringsarbeid. Dei er ein del av Joint Air Operations Centre, men er lokalisert på Rygge.

Aktivitetar og lokalsamfunn 

Sørreisa og regionen rundt byr på gode høve til idrett, jakt, fiske og anna friluftsliv. Det er mange merkte turløyper og oppkøyrde skiløyper å velje i. Sørreisa og kommunane rundt har eit allsidig idrettsmiljø med idrettslag som driv med blant anna fotball, symjing, handball, turn, volleyball og badminton. Sjå Sørreisa kommune for meir informasjon.

Sørreisa ligg midt mellom Finnsnes og Bardufoss. Finnsnes har hurtigruteanløp og ekspressbåtsamband til Tromsø og Harstad, medan Bardufoss lufthamn har daglege flygingar til Oslo og fleire andre stader. På Bardufoss er det også ei rekkje tilbod til forsvarstilsette, mellom anna fleirbrukshuset Istindportalen. 

Bustad

Forsvaret har fleire bustader for personellet på Sørreisa. Fleire av bustadene sto klare i slutten av 2010-åra. Sjå Forsvarsbygg Basen for meir informasjon.

Familiekoordinator

For å gi betre støtte til forsvarsfamiliane, er det familiekoordinatorar ved dei fleste tenestestadene til Forsvaret. Koordinatoren skal leggje til rette for familiesamlingar, møte og gi informasjon om kva avdelinga kan tilby familiane.

Kontakt basen eller avdelinga di for å komme i kontakt med familiekoordinatoren din.