20180605OBG_7

Værnes

Værnes garnison er base for HV-12 og Vertslandstøttebataljonen. Garnisonen blir også framtidig utdanningsbase for Luftforsvaret.

Adresse
Værnes garnison, 7500 Stjørdal​​​
Kontakt
915 03 003

Garnisonen ligg inntil Trondheim lufthamn i Stjørdal kommune. Her er hovudkvarteret til Trøndelag heimevernsdistrikt (HV-12). Til saman har HV-12 nærare 130 tilsette ved basen.

Forsvarets logistikkorganisasjon har fleire einingar i Regional logistikkleiing Midt på Værnes. Avdelinga forvaltar det amerikanske førehandslageret av materiell og utstyr i Trøndelag (Marine Corps Prepositioning Program–Norway). Den norske vertslandstøttebataljonen og ei eining for etterforsyning av Trøndelag heimevernsdistrikt inngår òg i Regional logistikkleiing på Værnes.

Garnisonen husar også fleire støtteeiningar frå Forsvarsbygg og Forsvarets personell- og vernepliktsenter (FPVS).

Garnisonen blir den framtidige basen for Luftforsvarets skulesenter, som blir flytta frå Kjevik i Agder innan utgangen av 2025. Skulesenteret består av Luftforsvarets befalsskole, Luftforsvarets tekniske skole og avdeling for teknologibasert læring.

Aktivitetar og lokalmiljø

Garnisonen ligg i Stjørdal, ei kommune med over 24 000 innbyggarar. Det er fem minutt å spasere til Stjørdal sentrum, der du finn kjøpesenter, restaurantar, butikkar og andre sosiale aktivitetar. Ein halvtimes køyretur unna ligg Trondheim, med alt byen har å by på. Trondheim lufthamn ligg like inntil garnisonen og har daglege flygingar til heile landet. Du finn meir informasjon om Stjørdal på nettstaden til kommunen.

Soldatane ved Værnes har midlar til velferdsaktivitetar og turar i regi av idrettsoffiser, velferdsassistent og hovudtillitsvald. Ein prest er òg til stades ved garnisonen og utdannar  soldatane i etikk og militærmakt. Soldatane har også eit eige opphaldsrom med TV, Playstation og meir.

Bustad

Sjå Forsvarsbygg Basen for informasjon om utleigebustader for forsvarspersonell i Stjørdal og regionen rundt.

Familiekoordinator

For å gi betre støtte til forsvarsfamiliane, er det familiekoordinatorar ved dei fleste tenestestadene til Forsvaret. Koordinatoren skal leggje til rette for familiesamlingar, møte og gi informasjon om kva avdelinga kan tilby familiane.

Kontakt basen eller avdelinga di for å komme i kontakt med familiekoordinatoren din.