Offiserane har krigsskuleutdanning eller akademisk utdanning og kvalifiseringskurs. Dei følgjer dei tradisjonelle gradene frå fenrik til general eller admiral. Gradene samsvarar med NATOs gradssystem (OF1–9).
Militære grader
Militære grader skil mellom offiserar, spesialistar og meinige soldatar. Dei fortel òg kva slags ansvar og kommandorang ein soldat har.
Du har kanskje høyrt uttrykket «å stige i gradene»? I Forsvaret har vi eit ordre- og kommandobasert system, og militær rang og grad er grunnleggjande i dette systemet.
Ute i felt og strid kan det vere livsviktig at kommandoar og meldingar kjem kjapt fram, og at mottakaren forstår dei rett. For å sikre dette, treng vi avklarte kommandolinjer og tydelege rangordningar.
Forsvaret har to karrierestigar for militært tilsette: ein for offiserar, og ein for spesialistar. Dei to karrierestigane er sidestilte, men dei har kvart sitt system med eigne grader og uniformsmerke – også kalla distinksjonar.