Den norske NATO-styrken i Litauen blir verande ut 2024
Sidan 2017 har norske soldatar bidratt til tryggleik for NATOs austlege medlemmar som del av NATOs forsterkingsstyrke Enhanced Forward Presence (eFP). No blir styrken i Litauen vidareført ut 2024.
Det kunngjorde statsminister Jonas Gahr Støre og forsvarsminister Bjørn Arild Gram måndag då dei besøkte dei norske styrkane i militærleiren i Rukla i Litauen. Besøket skjer dagen før det viktige NATO-toppmøtet startar i hovudstaden Vilnius.
– Dei baltiske landa er våre allierte. Nærværet vårt styrkar tryggleiken deira. Derfor har regjeringa no bestemt å vidareføre dei norske styrkanes nærvær i Litauen ut 2024, seier Støre.
– Eitt av våre viktigaste
Noreg har i dag rundt 150 soldatar på plass i Litauen som del av NATO-styrken Enhanced Forward Presence (eFP). Dei fleste soldatane kjem frå 2. bataljon, i tillegg til fleire andre avdelingar i Brigade Nord. Den noverande norske styrken er den 13. sidan Noreg starta bidraget i 2017.
– Dette er eitt av våre viktigaste militære bidrag til det internasjonale samfunnet akkurat no, og det er også vårt største styrkebidrag i utlandet. Eg er svært glad for at vi kan vidareføre dette ut 2024, seier forsvarsminister Bjørn Arild Gram.
Stolt over innsatsen
NATOs bidrag i Litauen er totalt på om lag 1600 personar, og det blei forsterka i 2022. eFP har fire multinasjonale bataljonsstridsgrupper som held til i Latvia, Litauen, Estland og Polen.
Det norske bidraget inngår i ei tysk-leia multinasjonal bataljonsstridsgruppe i Litauen. Dei held til i ein litauisk garnison i Rukla, omtrent ni mil nordvest for hovudstaden Vilnius. Dei norske soldatane trenar og øver saman med soldatar frå Tyskland, Belgia, Tsjekkia, Nederland og vertsnasjonen Litauen.
– Eg er stolt over innsatsen til de norske styrkane i Litauen. Å forlenge oppdraget medan det er krig i Europa, er ei avgjersle vi som regjering tar med stort alvor. Vi gjer det vel vitande om at oppgåva er viktig, og at vi har mykje å bidra med. Ved å dele kunnskap og erfaringar, gjer dei både Forsvaret og NATO betre, seier statsminister Jonas Gahr Støre.