Norsk English
231005_HESY_9691

KNM Fridtjof Nansen har bestått krigsmønstring

I nesten to månadar har KNM Fridtjof Nansen vore i Plymouth i Storbritannia. Her har besetninga gjennomført ei omfattande trening og godkjenning for å vise at dei har det nivået som trengs for å ivareta beredskap både nasjonalt og for NATO.

Å segle eit krigsskip handlar om meir enn å kome seg frå A til Å. Norske krigsskip er på havet for å løyse oppdrag og for å sikre vår friheit og våre verdiar. I krise og krig vil det vere truslar som kan hindre besetninga i å gjere nettopp det. Då må dei vere førebudd på å handtere desse truslane samtidig som dei held fram med å løyse oppdrag. 

 

231002_HESY_9048

Besetninga på KNM Fridtjof Nansen trener ofte på slike scenario langs norske-kysten, men FOST (Fleet Operational Sea Standards and Training) i Plymouth er ein arena der dei får trene med fleire ressursar og i tillegg blir følgt opp og observert av den internasjonale staben i FOST, 

231003_HESY_9073

– Ressurstilgangen i FOST gjer det mogleg å drive svært effektiv trening for å auke kunnskaps- og erfaringsnivået til personellet vårt. Det er også ein viktig arena for kvalitetssikring av fartøyet sin tekniske stand og ytingar. Treninga ved FOST bidreg totalt sett til auka evne til sikker drift og kvalitet i operative leveransar for fregattane våra,  seier skipssjef på KNM Fridtjof Nansen kommandørkaptein Stian Schnelle.

 

231002_HESY_9031

«Vi har innkommande missil mot babord skuteside. Time on top 30 sekunder»

231003_HESY_9083
«Brace brace brace»

Fregatten har fått ein treffar i skutesida. Sjefens prioriteringar er som følger:

  1. Beskytte fregatten mot nye treff
  2. Sløkke brann i maskinrom
  3. Sikre kraftproduksjon

For å følge prioriteringane er det viktig at alle om bord kjenner si rolle og utfører den etter beste evne. Oppe på bru må dei fortsette å halde oversikt og halde fartøyet på riktig kurs, i operasjonsrommet følger dei med på innkommande truslar og avgjer kva neste prioritering skal vere. Innover i fartøyet jobbar besetninga på spreng for å behandle skadd personell og sløkke brann.

Programmet i FOST inneheld øvingar for alle maritime krigføringsområder. Kvar veke aukar nivået på øvingane, og personellet som mønstrar stillar høgare krav for å godkjenne oppdragsløysninga til besetninga.

For at alt skal gå rundt er det mykje logistikk som må på plass. Sjølv under ein krig må besetninga få i seg mat.

231012_HESY_0134

Då sørger byssemannskapet for å få servert ut mat i høgt tempo. 

231012_HESY_0165

Dette blir også kalla "actionmessing". Her kjem besetninga inn puljevis, får i seg mat og går tilbake til si oppgåve. 

Byssemannskapet står også får deler av sanitetslaget om bord, saman med blant anna Athea Madelén Eriksen - som er leiande visekonstabel og sanitetsassistent. Under FOST har ho også hatt ansvaret for personellkontroll. 

 

231012_HESY_0063

– Det beste med FOST har vore å få moglegheita til å utvikle seg. Når vi blir mønstra på denne måten får vi óg bekrefta at vi har dei ferdighetane som krevst og det hjelper på sjøltilliten i rolla mi om bord, fortel Eriksen. 

Ein viktig treningsarena

Det er eit intensivt program med «krig» kvar tirsdag og torsdag. Under «krigen» slår dei «klar til strid» og heile besetninga må vere førebudd på truslane som kan kome. Det kan vere alt frå torpedoar under vatn til innkommande missil frå jagarfly.

 

231012_HESY_0237

For visekonstablane Jakob Buene og Ruben Lillaas var det første gong i FOST. Begge jobbar i luft-teknisk avdeling, som skal handtere truslar frå lufta. Dei fortel om hektiske, men lærerike dagar.

– Det har vært gøy å trene på ein anna måte enn vi gjer heime. Perioda i FOST har vore veldig lærerik, seier Lillaas. 

Buene nikkar og legg til:

– Vi har hatt lange dagar, men det har gitt oss moglegheita til å lære mykje på kort tid. Så har vi hatt fri i helgene til å lade batteria og finne på kjekke ting saman med dei andre i besetninga. 

Torsdag gjennomførte KNM Fridtjof Nansen «final inspection».

231004_HESY_9444
231005_HESY_9633
231005_HESY_9749
231009_HESY_9878

Sjef Marinen var om bord for å observere den aller siste «torsdagskrigen» i Plymouth. 

– FOST er ein arena som vi nyttar oss av for å sikre at besetninga har det nivået som trengs innanfor maritim krigføring både for Noreg og NATO. Sjøforsvarets fartøy deltek i operasjonar kvar dag og må halde ein høg standard. Vi har nytta oss av denne trenings-arenaen i fleire år og set stor pris på at Royal Navy kan tilby ein slik moglegheit med ressursar til å gjennomføre kompleks trening og mønstring. I tillegg er FOST ein arena til å utvikle det allereie gode samarbeidet med Storbritannia og Royal Navy, seier sjef Marinen flaggkommandør Trond Gimmingsrud.