Norsk English
Personell fra forsvarets dronetjeneste, Finnmark Landforsvar og Artilleribataljonen støtter korvetter fra Marinen med gjennomføring av skyteøvelser i Andfjorden under øvelse Arctic Fires 2021. Samvirke mellom Sjøforsvaret, Hæren og Luftforsvaret.

Korvettane på skyteøving med Hæren og Luftforsvaret

På snødekte vidder langs Andfjorden, står soldatar frå Luftforsvarets droneteneste, og frå Finnmark Landsforsvar. I fjorden segler verdas raskaste marinefartøy forbi. Saman skal dei i den bitande vinterkulda, trene på skyting.

Arctic Fires er ei skyteøving for korvettane til Sjøforsvaret. Skyteøvinga går føre seg i Andfjorden i Nordland, i hardt vinterklima. I tillegg til dei utfordrande forholda, skal korvettane trene på samhandling på tvers av greinene. Soldatar frå Finnmark Landforsvar og Luftforsvarets droneteneste er også med på skyteøvinga. 

På tvers av forsvarsgreinene skal dei under øvinga fokusere på taktikkar, teknikkar og prosedyrar for eldgiving og eldledning. 

200924_HESY_0326.jpg
Sjef 1. Korvettskvadron, kommandørkaptein Johan Reinboth.

 

– Målet med øvinga er å vidareutvikle taktikkar, teknikkar og prosedyrar for eldgiving og eldledning på tvers av forsvarsgreiner. Realistisk trening med både land, luft og sjøstyrker er viktig for at forsvaret av Noreg skal vere truverdig, seier skvadronssjef i 1. Korvettskvadron, kommandørkaptein Johan Reinboth. 

Framtidas korvettsjefar

Øving Arctic Fires er og ein del av sjefskurset for å kunne heise kommando på korvett. Sjefselevane har «eksamen» i å bruke fartøyets våpen på ein sikker og riktig måte under krevjande forhold. I eit hardt vintervær, og med fleire timar mørke enn dagslys i døgnet – er førehalda lagt til rette for eit utfordrande treningsmiljø. Her formas framtidas korvettsjefar. 

Som sjefar, skal dei også lære seg å samarbeide med andre einingar. Med Finnmark landforsvar og Luftforsvarets droneteneste som aktive deltakarar i øvinga, er det gode moglegheiter for å få trena på det. Det stilles høge krav til sjefane om bord på verdas raskaste marinefartøy og øvinga Arctic Fires er eit viktig ledd i sjefskurset.