Ny nestkommanderande ved hovudkvarteret
Brigader Gjert Lage Dyndal blei fredag utnemnd i statsråd til generalmajor i Luftforsvaret. Han blir beordra til stillinga som nestkommanderande og stabssjef ved Forsvarets operative hovudkvarter.
Dyndal tar over stillinga som nestkommanderande og stabssjef ved Forsvarets operative hovudkvarter (FOH) etter kontreadmiral Ole Morten Sandquist. Sjef FOH, viseadmiral Rune Andersen, er godt nøgd med utnemninga av Dyndal.
– Han har ein sterk operativ bakgrunn og oppdatert innsikt frå strategisk nivå. Eg ser fram til samarbeidet med han og resten av kommandogruppa ved FOH, der fleire nye namn har kome på plass den siste tida. Vår jobb er å vidareutvikle Forsvarets planverk, øvingar og operasjonar i ei tid der usikkerheita har auka og Forsvaret blir styrkt, seier Andersen.
Erfaren og dyktig
Dyndal sjølv gleder seg til å starte i den nye stillinga.
– Eg ser fram til å bruke erfaringa mi på ein utfordrande og spennande jobb som nestkommanderande på FOH. Det kjennest utruleg meiningsfylt å bli gitt tilliten til å leie daglege, norske operasjonar i ei uroleg tid, seier Dyndal.
Sjef Forsvarsstaben, generalløytnant Ingrid Gjerde, omtalar Dyndal som ein erfaren og dyktig offiser med djupnekompetanse i militære operasjonar og krisehandtering.
– Han er òg ein høgt verdsett leiar og medarbeidar med solid grunnlag for oppgåvene som ventar i det fellesoperative hovudkvarteret, seier ho.
Navigatør- og stabserfaring
Dyndal har operativ erfaring som navigatør, treningsoffiser og taktisk koordinator ved Andøya flystasjon. Han har hatt stillingar for Etterretningstenesta, Luftkrigsskulen og Forsvarets stabsskule, og har i ein periode hatt ei mellombels stilling som Principal Researcher innan arktisk teknologi i Statoil (no Equinor).
Han har vore sjef for operasjonar ved Norwegian Air Operation Centre (NAOC), og han har erfaring som stabsoffiser frå Forsvarsdepartementet. Dyndal kjem no frå stillinga som sjef for Situasjons- og operasjonsavdelinga i Forsvarsstaben.
Utlandsteneste og utdanning
Dyndal har òg internasjonal erfaring, der han har delteke i fleire internasjonale operasjonar med Etterretningstenesta. Frå 2017 til 2020 var han tilsett i stillinga som Deputy Head og analytikar ved International Military Staff (IMS) ved NATO-hovudkvarteret i Brussel.
Han har gjennomført utdanning innan Militære fellesoperasjonar og har sjefskurset frå Forsvarets høgskule. Han har tung høgare akademisk utdanning, med ein Master of Philosophy, samt ein Ph.d. innan sjø- og luftoperasjonar, doktrinar og strategi.