Norsk English
2025-04-22-JOBA-OPHM-UTSEILING-11

Segla frå heimehamn for siste gong på åtte månader

I dag, tysdag 22.april, segla KNM Roald Amundsen frå heimehamn på Haakonsvern for siste gong på åtte månadar. Fram til slutten av året skal fregatten vere ein del av ei britisk hangarskipsstyrke leia av HMS Prince of Wales.

KNM Roald Amundsen segla i dag frå Haakonsvern for å møte HMS Prince of Wales og resten av den britiske hangarskipsstyrka. Hangarskipsstyrka skal gjennomføre eit åtte månadars langt oppdrag i Middelhavet, Indiahavet og Stillehavet. Gjennom oppdraget vil fleire allierte fartøy delta, og KNM Roald Amundsen er det einaste ikkje-britiske fartøyet som skal delta på heile oppdraget.

 

250422_HESY_6033

— Våre folk segla langt heimafrå, men dei segla for å forsvare oss her heime. Storbritannia er vår viktigaste europeiske allierte og denne seglasen gjev verdifull erfaring i å operere saman. Seglasen styrkar våre alliansar og gjer oss betre i stand til å forsvare våre havområder her heime. Eg ynskjer besetninga på KNM Roald Amundsen og KNM Maud lukke til med dette viktige oppdraget. Eg er djupt takksemd til de og til alle de som ventar der heime, seier forsvarsminister Tore O. Sandvik.

– Ein betydningsfull jobb

Rundt ein fjerdedel av besetninga på KNM Roald Amundsen er vernepliktige gastar. Ein av dei er 19 år gamle Ingeborg, som er våpenteknisk gast om bord. Den siste tida har ho og resten av besetninga brukt på å førebu seg på oppdraget dei no skal ut på, med alt frå gjennomføring av familiedag til skarpskyting for å teste ulike våpensystem. 

250410_HESY_8705

– Vi har hatt ei periode med oppøving, der eg har blant anna har fått trene på å skyte, og å forsvare oss mot droner. Eg synast det er bra at vi vernepliktige får ei så viktig rolle og at vi har ein betydningsfull jobb, fortel Ingeborg.

For eit par veker sidan var foreldra hennar på Haakonsvern, for å delta på familiedag og omvisning om bord på fregatten. 

250405_HESY_5484.jpg
Ingeborg og familien på familiedag i forkant av deployeringa.

– Eg blei veldig betrygga, og opplever dei som trygge og gode leiarar dei som har orientert oss om oppdraget. Sjølv om det sjølvsagt ikkje er utan risiko. Så skal eg også ta meg med det at “ingen nyheiter er gode nyheiter”, seier Kari, mor til Ingeborg.

Eit enda tettare samarbeid

Storbritannia har lenge vore ein av våre aller viktigaste allierte. No skal eit langt og godt samarbeid bli enda tettere. I tillegg til å integreres i ei britisk hangarskipsstyrke, skal KNM Roald Amundsen gjennom det åtte månadar lange oppdraget - ha eit britisk helikopter med britisk mannskap om bord. 

 

 

Klare for å løyse oppdrag

KNM Maud segla frå Haakonsvern eit par dagar før KNM Roald Amundsen, for å tanke opp drivstoff. Dei møter også hangarskipsstyrken samtidig som fregatten. 

— KNM Maud er ein viktig eining for både Noreg og våre allierte. Det å operere i ein britisk hangarskipsgruppe er svært viktig for oss. Vår besetning er godt førebudd til å operere saman med våre viktige allierte, seier kommandørkaptein Rune Trane Lauritsen, Skipssjef KNM Maud.

Familie og kollegaer var samla på kaia på Haakonsvern for å overvære seremonien og vinke farvel til besetninga på KNM Roald Amundsen. 

– Eg har full tillit til besetninga, som no er klare for eit viktig seglas saman med ein av våre nærmaste allierte. De skal ut og gjere ein viktig innsats for Noreg, og eg ønskjer å takke både de i besetninga og alle som ventar her heime. Når vi sender våre kvinner og menn ut i fleire månader i strekk, er det ei ekstra påkjenning for dei som gjer jobben på heimebane. Det er ein jobb som også er viktig for at Sjøforsvaret skal kunne løyse dette oppdraget, seier sjef Sjøforsvaret, kontreadmiral Oliver Berdal.

2025.04.22-NOST-OPHM-AVREISE.jpg
Sjef Sjøforsvaret Kontreadmiral Oliver Berdal går av KNM Roald Amundsen for siste gang på en stund.

Etter mange månader med førebuing, er besetninga på KNM Roald Amundsen no klare for å løyse oppdrag. 

— Vi segler frå Haakonsvern i dag med ei dyktig og skjerpa besetning. Dei siste månadene har alt fokus vore på å gjere både fartøy og besetning best mogleg førebudd for oppdraget vi no skal ut på. Eg er trygg på at vi som besetning no er klare for å operere som ein del av den britiske hangarskipsstyrken, og bidra til å løyse oppdrag saman med ein av våre nærmaste allierte, seier skipssjef på KNM Roald Amundsen, kommandørkaptein Roger Lervik.