Norsk English
20240205_HST-0553

Ny uniform til Norges nordlegaste HV-soldatar

Snart får soldatar i Heimevernet sitt nordlegaste distrikt ny uniform, men først må dei gjennom grundig opplæring før årleg trening i mars.

Forsvaret byrja allereie 15. januar 2025 å utlevere nye uniformer til soldatane som vaktar grensa mot Russland. Snart er det heimevernsområda som høyrer til Finnmark heimevernsdistrikt 17 (HV-17) som står for tur.

Kurset er utvikla av Hærens Våpenskule og gir ei komplett innføring i uniformen sine eigenskapar. Hensikta med kurset er å sikre at soldatane får rettleiing i korleis uniformen skal brukast, kva tekniske forbetringar den har, samt vedlikehald og vask.

20240205_HST-0590.jpg
Kaptein Michael Kvam, G4 HV-17 held kurs om den nye uniforma til befalet i områdestrukturen.

Forsvaret legg meir ansvar på brukarane når det gjeld vedlikehald. Uniformene skal i større grad reparerast og vaskast av soldatane sjølve, anten i felt eller garnison. Dette krev meir bevisstheit rundt bruk og handtering enn tidlegare.

– Sidan Heimevernet ikkje er i dagleg teneste, er grundig opplæring avgjerande slik at soldatane kan bruke uniformen riktig når dei er i teneste, fortel kaptein Michael Kvam, G4 i HV-17.

20240206_HST-0600.jpg
Troppssjef Trond Magnussen meiner det er naturleg at soldatane i Finnmark får utdelt uniforma først.

Hevar motivasjonen

– Sidan vi bur så langt nord, er ver ofte ei utfordring. Når vi får den nye uniformen, vil det heve motivasjonen til enkelte å vere ute i felt, seier personellbefal Oda Marie Huru (32).

Ho legg til at soldatane i området har høg moral og motivasjon, men det er klart at dei utfordringane dei har med ver, vind og temperatur går igjen.

– Det er fint at Finnmark får den nye uniformen først. Vi har den lokasjonen vi har her oppe, og sidan vi er så nær Russland, føler eg at det er naturleg at vi er dei første som får den utdelt, fortel troppssjef Trond Magnussen (44).

– Det blir eit stort løft for Heimevernet, og det passar bra når fokuset under årleg trening blir samhald, tilhøyrsle og «mitt lag», legg Oda Marie Huru til.

 

 

Førebudd på utfordringar

Heimevernet har vore ein del av planlegginga frå starten, i tett samarbeid med Finnmark landforsvar, Forsvarsmateriell og Forsvarets logistikkorganisasjon. Dette har sikra god koordinering og tidleg avklaring av opplæring, krav og gjennomføring.

20240206_HST-0607.jpg
Personellbefal Oda Marie Huru fortel at den nye uniforma vil heve motivasjonen til enkelte å være ute i felt.

– I motsetning til tidlegare, har Heimevernet ikkje hamna på etterskot, men vore inkludert i prosessen saman med Hærstaben og Forsvarets logistikkorganisasjon. Eg må gi ros for den løpande dialogen vi har hatt frå starten, og tidspunktet for gjennomføring har vore klart frå starten, då mannskap må kallast inn tre månader før årleg trening, seier Kvam.

Utlevering av ny uniform krev omfattande planlegging og er ein tidkrevjande operasjon. Soldatane må levere inn sin gamle uniform, levere inn riktig utfylte taps- og skademeldingar på gammalt utstyr og deretter hente ut den nye. For å sikre ein smidig overgang, blir opplæring av den nye uniformen kombinert med ferdigheitstrening under årleg trening.

– For soldatane i Finnmark er dette ei utfordring, sidan årleg trening ikkje skjer på oppsetningsstad. Det krev planlegging av blant anna transport og forpleiing, seier Kvam.

– Vi får ein uniform der alle ser like ut, noko som styrkar fellesskapskjensla og gjer at vi framstår meir einskapleg som ei avdeling – kanskje enda meir enn tidlegare, avsluttar Oda.