Norsk English
Et vaksinasjonsteam fra Forsvarets sanitet gjennomfører vaksinering i Ålesund kommune. Etter at kommunen har bedt om bistand til vaksineringen. Teamet fra saniteten vil være i Ålesund fra 28.desemeber 2021 til 14. januar 2022. Å har mål om å vaksinere over 8000 mennesker.

Forsvaret sette over 63 000 vaksinedosar for kommunane

I desember 2021 og januar 2022 støtta Forsvaret kommunar over heile landet i vaksineringa mot covid-19. Til saman sette vi 63 559 vaksinedosar.

Med omikron-varianten opplevde Noreg vinteren 2021–22 ein kraftig covid-19-auke. Regjeringa vedtok 13. desember 2021 at Forsvaret skulle støtte sivilsamfunnet med å vaksinere den norske befolkninga. Oppdraget starta 19. desember 2021 og blei avslutta 31. januar 2022.

Då regjeringa gav oppdraget, gjorde Forsvaret klar 10 mobile vaksineringsteam med 16 personar i kvart team. Vaksineringsteama kom frå ulike delar av Forsvaret og stod klare til innsats allereie om kvelden tysdag 14. desember. Det første oppdraget kom 19. desember 2021, og Forsvaret sette den første dosen dagen etter.

Tal for heile oppdraget:

  • Til saman var 13 team frå Forsvaret involverte i vaksineringa. Kvart team bestod av 10–20 personar, avhengig av behovet. Etter 16. januar 2021 var fem aktive team frå Forsvaret i sving.
  • Totalt sette Forsvarets personell 63 559 vaksinedosar på vegner av kommunane som bad om hjelp til vaksinering.

Forsvaret vaksinerte i følgjande kommunar:

  • Alver (Sjøforsvaret)
  • Asker (Forsvarets sanitet)
  • Askøy (Sjøforsvaret)
  • Bjørnafjorden (Sjøforsvaret)
  • Bærum (Hærens Brigade Nord)
  • Drammen (Forsvarets sanitet)
  • Elverum (Brigade Nord)
  • Fredrikstad (Forsvarets sanitet)
  • Gran (Forsvarets sanitet)
  • Grimstad (Sjøforsvaret)
  • Kautokeino (Hæren/Finnmark landforsvar)
  • Oslo: Frogner (Brigade Nord), Grünerløkka (Brigade Nord), Nydalen (HMK Garde), Skullerud (Brigade Nord)
  • Rælingen (Brigade Nord)
  • Sandnes (Brigade Nord og Sjøforsvaret)
  • Trondheim (Luftforsvarets 132 luftving)
  • Øygarden (Sjøforsvaret)
  • Ålesund (Forsvarets sanitet)

Slik var oppdraget

Forsvaret har støtta kommunar som har bede om hjelp til å vaksinere innbyggjarane sine. Kommunane har meldt inn behova sine til Forsvarets operative hovudkvarter (FOH).

Ved behov støtta Forsvaret òg myndigheitene i organiseringa av frivillig innsats i det intensiverte vaksineringsarbeidet. Forsvaret overtok ikkje vaksinering for nokon, men ga bistand til allereie etablerte system i kommunane.

Heimevernet leia oppdraget på vegner av FOH, og koordinerte arbeidet opp mot kommunale myndigheiter i heimevernsdistrikta.

Forsvarets sanitet (FSAN) er Forsvarets eiga fagmyndigheit og jobba undervegs i dialog med helsemyndigheitene. Hæren, Sjøforsvaret og Luftforsvaret støtta òg med vaksineringsteam.

Vaksineringsoppdraget – spørsmål og svar

  1. Eit av hovudoppdraga til Forsvaret er å støtte samfunnet når myndigheitene ber om det. Det var det vi gjorde under dette oppdraget. Forsvaret har òg støtta sivilsamfunnet tidlegare i pandemien, mellom anna med grensekontroll.

  2. I Forsvaret opplever vi det som riktig og naturleg at vi støttar samfunnet når det er behov for det, slik som i denne situasjonen.

  3. Nei, Forsvaret tok ikkje over vaksinasjonen for nokon. Vi støtta sivilsamfunnet der det var eit behov. Forsvaret hadde inga hovudrolle her, det er det sivilt helsepersonell som har. Vi tykkjer det er naturleg å støtte når sivile myndigheiter ber om det, slik situasjonen var i dette tilfellet.

  4. Regjeringa bad Forsvaret om å organisere den frivillige innsatsen i samband med vaksineringa. Dei frivillige var sjølvsagt ikkje underlagde militær kommando. For Forsvaret var det heilt uproblematisk å organisere og samordne innsats med folk som hadde melde seg frivillig, og som var motiverte til å gjere ein innsats. Sivil-militær samordning som dette skjer som del av totalforsvaret heile tida.