X_20221020tk__2959

Operasjon Interflex

Noreg tar del i opplæringa av ukrainske soldatar. Dette skjer mellom anna i England gjennom det britiske initiativet Operasjon Interflex.

Kva gjer Noreg?

Noreg er eitt av landa som deltar i opplæringa i Storbritannia, og Heimevernet leiar det norske bidraget. Per våren 2024 har Noreg stilt med fem kontingentar, og den sjette startar opp sommaren 2024. 

Kvar kontingent har om lag 130 norske instruktørar som utdannar cirka 800 ukrainske soldatar.

Parallelt med innsatsen gjennom Interflex bidrar Noreg òg med opplæring av ukrainsk militærpersonell på andre område. Dette omfattar opplæring av ukrainske eksplosivryddarar i Litauen og fagutdanning innan sanitet, skarpskyting og lagførarutdanning i Noreg, kalt operasjon Gungne

Fleire tusen ukrainarar har fått opplæring av norske instruktørar i England. Kombinert med utdanninga i Noreg planlegg vi å utdanne 4000 ukrainske soldatar i 2024. I tillegg donerer Noreg vinterutrusting til 20 000 ukrainske soldatar.

Bakgrunn

I februar 2022 gjekk Russland til angrep på Ukraina. Krigen gjer at det ukrainske forsvaret treng mange nye soldatar for å kunne forsvare landet sitt. Mange av dei nye soldatane har ingen eller liten erfaring frå det militære, og mange har lite militære kunnskapar.

For å støtte Ukraina med soldatutdanning, tok Storbritannia i juni 2022 leiarrolla for ei omfattande og systematisert trening av ukrainske soldatar. Initiativet har fått namnet Operasjon Interflex, og opplæringa finn stad i England i Storbritannia. I løpet av fem intensive veker får dei ukrainske soldatane ei utdanning som skal gjere dei betre i stand til å forsvare landet sitt.

Tidlegare norske bidrag

Det første norske bidraget starta i oktober 2022 og varte til slutten av november. Det hadde ein styrkesjef frå Heimevernet og instruktørar hovudsakeleg frå Hærens hurtige reaksjonsstyrke (HRS) i Brigade Nord. I tillegg stilte erfarne instruktørar som var rekrutterte frå styrkestrukturen til Heimevernet.

I januar 2023 starta den andre norske kontingenten med opplæring av ukrainsk personell i England. Bidraget hadde rundt 75 instruktørar. Om lag halvparten av dei frå Heimevernets struktur, resten frå andre delar av Forsvaret, eller frå utanfor styrkestrukturen.

Seinare vinteren/våren 2023 starta den tredje norske kontingenten opp, og sommaren 2023 starta fjerde kontingent. Den femte starta vinteren 2024 og blei avslutta i april.

Til no har godt over 1000 ukrainarar ha fått opplæring av norsk personell.