Norsk English

F-35 – tidslinje og milepålar

I januar 2022 tok F-35 over som Noregs kampfly. Slik har vegen fram dit vore.

F-35 taxer ut for en rutinemessig treningsflytur fra Keflavik international airport under oppdraget Iceland Air Policing 2020.

Behovet

I 1980 kom det første norske F-16-flyet kom til Noreg, og til saman kjøpte staten 74 fly til Forsvaret i løpet av 1980-talet. Den teknologiske utviklinga, slitasjen på flykroppane og den avgrensa tilgangen p​​å reservedelar, gjorde at staten og Forsvaret tidleg på 2000-talet sette i gong arbeidet med å velje ut og kjøpe inn Noregs nye kampfly.

Valet

I 2008 fall valet på F-35. Flyet blir produsert av amerikanske Lockheed Martin, men mykje av teknologien er utvikla gjennom eit fleirnasjonalt utviklingsprogram. Noreg har vore med i dette programmet sidan 2002. I planen skal Noreg kjøpe 52 nye kampfly, og Forsvaret tok imot dei siste tre flya i april 2025. Heile den norske kampflyflåten er no komplett.

Bygginga

Bygginga av det første norske flyet, AM-1, tok til i september 2013. Skroget blei montert i januar 2015, og 9. april stod AM-1 på eigne hjul. Bygginga av Noregs andre fly, AM-2, starta i oktober 2013.

Milepålar frå 2015:

Juni 2015: Det første norske personellet kjem til Luke Air Force Base i Phoenix i Arizona. Her får norske teknikarar og flygarar si utdanning.

22​. september 2015: AM-1 er klart og blir presentert offentleg som første norske F-35. Noregs andre fly, AM-2, er ferdig berre nokre dagar etterpå.

Hausten 2015: Dei første norske flygarane startar på overføringskurset frå F-16 til F-35. Dei skal sidan jobbe som instruktørar ved Luke fram til 2017.

6. oktober 2015: For første gong er eit norsk F-35 i lufta. AM-2 fekk æra då flyet blei testa ved fabrikken i Fort Worth i Texas.

10. november 2015: AM-1 og AM-2 landar på Luke Air Force Base. Same dag flyr for første gong ein nordmann eit F-35. Det var Morten «Dolby» Hanche som fekk æra då han flaug ein treningstur med eit amerikansk F-35.

14. desember 2015: Morten Hanche blir første norske flygar som flyr eit norsk F-35.

Våren 2016: Den første gruppa med norske flygarar startar F-35-utdanninga si ved Luke. Elevane er erfarne F-16-flygarar frå ulike skvadronar i Noreg.

Sommaren 2016: Noregs tredje og fjerde fly kjem til Luke. Samstundes er utdanninga av norske flygarar og norske teknikarar i full gong.

Oktober 2016: Dei første norske teknikarane på overføringskurs kjem til Luke for å starte på praksisdelen.

Vår 2017: Den norske avdelinga blir fulltallig med flygarar og instruktørar stasjonert på Luke. Oppstart av første overføringskurs for norske flygarar som skal tilbake til Noreg etter kursslutt.

Forsommar 2017: Norges fly nummer 5, 6, og 7 kjem til Luke. Dei tre flya skal vere i USA nokre år framover og brukast til trening. Deretter skal dei til Noreg.

Sommar 2017: Forsvaret er i hamn med opplæringa av grunnpersonellet innan F-35-miljøet. Det betyr at vi har utdanna nok flygarar og teknikarar til å drifte F-35-avdelinga på Ørland. Vidare opplæring av teknikarar skjer heretter i Noreg. Norske flygarar som får F-35-opplæring i USA, blir sende heim for å byggje opp avdelinga på Ørland.

3. november 2017: Noregs fly nummer 8, 9 og 10 landar på Ørland flystasjon i Sør-Trøndelag. Dette er dei første F-35-flya på norsk jord. 

22. mai 2018: Noregs fly nummer 11, 12 og 13 landar på Ørland. No har Noreg mottatt ein firedel av dei planlagde 52 nye flya. Seks fly er i Noreg, og sju er i Arizona for utdanning og trening.

21. september 2018: Noregs fly nummer 14, 15 og 16 er på plass på Ørland. No er ni fly komne til Noreg, og ytterlegare sju er i Arizona for utdannings- og treningsføremål.

2017–2019: Sjølv om dei første flya kjem til Noreg, vil ikkje F-35 gå inn i operativ drift med ein gong. Dei neste to åra skal Forsvaret teste flya grundig, slik at vi veit at dei taklar alle typar vêr- og klimaforhold her heime. I tillegg må mange avdelingar og fagmiljø i Forsvaret bli kjende med dei nye flya, og finne rolla si i det nye kampfly-konseptet. F-35 gir uendeleg nye og gode moglegheiter for Forsvaret, og organisasjonen treng derfor tid til å lære seg å utnytte kampflya best mogleg.

2019: I løpet av året gjekk dei første F-35-flya inn i operativ drift og erstattar gradvis F-16. Denne fasen kallar vi på fagspråket initial operational capability, IOC. Flya fekk base på Ørland flystasjon i Sør-Trøndelag​, med ein framskoten base på Evenes i Nordland. Dei siste åra har Forsvarsbygg bygt ut Ørland flystasjon, mellom anna med nytt skvadronsbygg, bustadar og hangarar. I tillegg er rullebanen forlengt frå 2714 meter til 3000 meter.

Frå 2019 blei norske kampflyelevar utdanna ved Luke. Tidlegare reiste elevane til Tucson i Arizona etter grunnopplæringa på Sheppard Air Force Base i Texas.

6. januar 2022: F-35 tar over QRA-oppdraget frå F-16. Samstundes pensjonerast den norske F-16-flåten.

Hausten 2023: Konverteringa av F-16-pilotar til F-35-pilotar er ferdig, og to av dei norske flya på Luke overførast til Noreg. To nye blir overførte før jul, og frå då av er seks norske fly fast stasjonerte i USA.

2019 til 2025: Byggjer Forsvarsbygg ut Evenes flyplass. Evenes er framskoten base for F-35 og hovudbase for Noregs nye maritime patruljefly, P-8A. Store oppgraderingar pågår, mellom anna er dagens bygg pussa opp, og vi skal byggje ein heilt ny hangar for P-8A-flya. Mykje er ferdig og tatt i bruk. Du kan lese meir om prosjektet hos Forsvarsbygg.

April 2025: Noreg fekk levert dei siste tre av 52 fly. No fortset arbeidet med å gjere heile kampflyflåten fullt operativ. Nokre få av flya skal brukast til opplæring og trening av norsk personell i USA.