Forsvarets kampfly
F-35 er eit av dei beste kampflya i verda. Kvar dag, kvart minutt står norske F-35 på beredskap for Noreg og NATO.

Moderne og effektivt

Forsvaret har no tatt imot alle 52 kampflya, og flåten er no komplett. Hovudbasen til kampflya er Ørland flystasjon, med ein framskoten base på Evenes.
F-35 er eit multirollefly, som vil seie at det bygd for å løse ei rekke ulike oppdrag, både aleine og saman med andre.
Kampfly er ein av dei viktigaste kapasitetane i eit moderne og effektivt forsvar. Flya sikrar at vi kan hevde norsk suverenitet og halde enda betre kontroll med områda våre på land, til havs og i lufta.
F-35 gjer Noreg tøffare og raskare ved utrykkingar og avskjeringsoppdrag i nordområda. Med sensorane til F-35 kan vi finne, følgje og identifisere andre fly frå langt større avstandar enn før. F-35 gjer dessutan denne jobben utan å bli oppdaga av andre fly.
I verdsklasse

Kampflya har avanserte system som samlar og fordøyer alle data og målingar frå sensorane. Flyet lagar dermed eit ferdigtygga bilete som gir flygaren ei overlegen forståing og oversikt over situasjonen. Dette kan flygaren bruke til eigen fordel for å vinne ein luftkamp.
Fleire av dei viktigaste allierte og partnarane våre har òg kjøpt F-35. Eit felles kampflysystem vil difor gjere fleirnasjonale luftoperasjonar og anna militært samarbeid langt enklare og meir effektivt i framtida.
Framdrift

- Dei første F-35 landa i Noreg 3. november 2017. Då starta ein omfattande test- og evalueringsfase av dei nye kampflya.
- Hausten 2019 starta F-35 gradvis å ta over oppgåvene til F-16.
- I januar 2022 tok F-35 over QRA-beredskapen frå F-16. Samstundes blei de norske F-16-flya pensjonerte.
- I april 2025 fekk Noreg levert dei siste tre flya, og den norske kampflyflåten er no komplett med 52 fly.
Fakta

- Produsent: Lockheed Martin
- Vekt: 13,3 tonn (tom). 31 tonn (maks)
- Lengde: 15,5 meter
- Vengespenn: 10,6 meter
- Motor-skyvekraft: 40.000 pund
- Toppfart: 1931 km/t
- Drivstoffkapasitet: 8,3 tonn
- Rekkevidde: 2200 km
- Tal på fly: 52
- Flåten komplett frå: 2025