Norsk English
Fra operasjonsrommet på Forsvarets Operative Hovedkvarter på Reitan / The Joint Operation Center in the north of Norway

Bodø og Reitan

Bodin leir i Bodø betjener Luftforsvarsbase Bodø og Forsvarets operative hovudkvarter som held til på Reitan, aust for byen.

Adresse
Luftforsvarsbase Bodø
Forsvarets operative hovudkvarter, 8047 Bodø
Kontakt
915 03 003

Reitan ligg på Tverlandet i Bodø kommune i Nordland. Dei fleste som jobbar ved Reitan, er ein del av Forsvarets operative hovudkvarter (FOH).

FOH er på mange måtar Forsvarets hjarte. Frå operasjonsrommet inne i fjellanlegget på Reitan held FOH kontinuerleg oversikt over Forsvarets aktivitetar, og koordinerer informasjon frå avdelingane rundt om i landet. Hovudkvarteret samordnar, planlegg og leiar også Forsvarets militære operasjonar her heime og i utlandet. 

I tillegg held Joint Air Operations Centre (JAOC) til på Reitan. Sjef for Luftforsvaret og delar av luftforsvarsleiinga har arbeidsplass i Reitan, det same har personell frå Cyberforsvaret og Forsvarsbygg i fjellanlegget som blei bygd i 1960-åra. 

Bodin leir ligg 3 kilometer frå sentrum av Bodø. Dei tilsette og vernepliktige som held til her, jobbar hovudsakeleg ved Forsvarets operative hovudkvarter.

Luftforsvarsbase Bodø

Luftforsvarets base Bodø var fram til 2022 heimebase for NATO-oppdraget Quick Reaction Alert (QRA). Oppdraget blir no løyst av F-35 frå Evenes flystasjon

Luftforsvarsbasen er vert for militære einingar frå Redningshelikoptertenesta (RHT), Cyberforsvaret, Forsvarsbygg og Forsvarets logistikkorganisasjon med Forsyningsavdeling Nordland.

Luftforsvarsmuseet held til mellom Bodin leir og lufthamna. Museet har fleire titals fly og historiske gjenstandar som viser utviklinga av det norske luftforsvaret.

Fritid

Med over 50 000 innbyggarar er Bodø den nest største byen i Nord-Noreg. Sjå kommunens nettsider eller Bodø i Vinden for meir informasjon om tenester og tilbod.

Bodø er ein framifrå stad for natur- og fritidsaktivitetar som fiske, båtliv, fjellvandring og dykking, og grensar mot fleire store nasjonalparkar. Bodø Spektrum har ​badeland, velværeavdeling og fotballarena. I tillegg har Bodø fått Stormen kulturkvartal med konserthus, bibliotek og litteraturhus.

Velferdstilbodet i Bodø er kjent for å være godt og variert. Velferdskontoret, som held til i Bodin leir, arrangerer turar til Røst, Trondheim og Sverige. For deg som er meir eventyrlysten, kan du dra på grotteturar i Salten-området, kvalsafari i Lofoten og isbrevandring på Svartisen. Velferdskontoret låner dessutan ut slalåmski, telt og anna utstyr gratis til forsvarspersonell.

Du finn treningsfasilitetar i Bodin leir, på Luftforsvarets base Bodø og i Bodin leir.

Joc ny redigert.jpg
Frå operasjonsrommet ved Forsvarets operative hovudkvarter på Reitan.

Bustad

Forsvaret har fleire bustader til disposisjon for tilsette i Bodø og omland. Ta kontakt med bustadkontoret på telefon 75 57 86 47, eller sjå Forsvarsbygg Basen.

Barnehage og skule

Bodø kommune har full barnehagedekning. I tillegg er det ein liten, privat barnehage for barn av forsvarstilsette, Bamsebo barnehage. For meir informasjon kan du ta kontakt med dagleg leiar på telefon 75 53 73 72. Du må søkje barnehageplass på vanleg måte til kommunen.

Det er to vidaregåande skular i Bodø med både studiespesialiserande og yrkesretta fag. Bodø har blant anna ein av de fire landslinjene for flyfagutdanning. I tillegg ligg Nord Universitet og Politihøgskulen i Bodø.

Familiekoordinator

For å gi betre støtte til forsvarsfamiliane, er det familiekoordinatorar ved dei fleste tenestestadene til Forsvaret. Koordinatoren skal leggje til rette for familiesamlingar, møte og gi informasjon om kva avdelinga kan tilby familiane.

Kontakt basen eller avdelinga di for å komme i kontakt med familiekoordinatoren din.