Basen ligg ved Oslo lufthamn og deler rullebaner med den sivile flyplassen. På basen finn ein Luftforsvarets 335 skvadron som opererer Forsvarets C-130J Hercules transportfly. Flya er viktige for Forsvarets operative drift, og løyser jamleg transportoppdrag både her heime og for internasjonale operasjonar. Vedlikehaldsskvadronen reparerer og driv ettersyn på flya.
I tillegg til 335 skvadron er Forsvarets logistikkavdeling ein stor aktør på basen, med både forsynings- og transporteining. Forsyningseininga leverer til skvadronane på Gardermoen, mens transporteininga leverer forsyningar, transport, og toll- og spedisjonstenester til norske styrkar i utlandet. Eininga driftar óg Gardermoens militære lufttransport- og godsterminal.
Mannskapet øver på å flytte pasientar frå Gardermoen militære flystasjon. Foto: Torbjørn Kjosvold, Forsvaret
Eit C-130J Hercules fly tar av.
Frå cockpiten på eit C-130J Hercules transportfly. Foto: Onar Digernes Aase / Forsvaret

Ullensaker har rundt 40 000 innbyggarar og har eit variert idrettstilbod med over 40 idrettslag. Det er kommunale idrettsanlegg som Idrettsparken på Jessheim, Bakkedalen kunstgrasbane, Kløftahallen, Alfhallen på Borgen, Jessheimhallen og fleirbrukshallen til Gystadmarka skule.
Idrettsavdelinga ved basen held faste treningar, personleg oppfølging og turneringar.
Teknisk personell frå 720 skvadron gjer klart eit Bell 412-helikopter. Foto: Torbjørn Kjosvold, Forsvaret
Eit C-130J Hercules transportfly gjennomfører medisinsk evakuering av jordskjelvramma i Tyrkia. Foto: Onar Digernes Aase / Forsvaret.
Eit C-130J Hercules transportfly. Foto: Torbjørn Kjosvold, Forsvaret

Bustad
Forsvaret har fleire bustader til leige i Ullensaker, mellom anna på Østli, Jessheim og Kløfta. Sjå Forsvarsbygg Basen for detaljar.
Ullensaker ligg heilt nord i Osloregionen med kort veg til Oslo lufthamn og Oslo. Motorvegar og jernbane knyter området effektivt til andre sentrale delar av Austlandet. Sjå Ullensaker kommunes nettstad for meir informasjon.
Familiekoordinator
For å gi betre støtte til forsvarsfamiliane, er det familiekoordinatorar ved dei fleste tenestestadene til Forsvaret. Koordinatoren skal leggje til rette for familiesamlingar, møte og gi informasjon om kva avdelinga kan tilby familiane.
Kontakt basen eller avdelinga di for å komme i kontakt med familiekoordinatoren din.