Aktivitetstilbod
Sessvollmoen er ein av fem militære tenestestader i Ullensaker kommune. Dei andre er Luftforsvarets base Gardermoen, Hauerseter, Nordkisa og Trandum.
Ullensaker har rundt 40 000 innbyggarar og eit variert idrettstilbod med over 40 idrettslag. Det er kommunale idrettsanlegg som Idrettsparken på Jessheim, Bakkedalen kunstgrasbane, Kløftahallen, Alfhallen på Borgen, Jessheimhallen og fleirbrukshallen til Gystadmarka skule.
Forsvaret har òg ei idrettsavdeling ved hovudkvarteret på Gardermoen flystasjon. Idrettsavdelinga gjennomfører faste treningar, personleg oppfølging og turneringar.
Bustad
Forsvaret har fleire bustader til leige i Ullensaker, mellom anna på Østli, Jessheim og Kløfta. Sjå Forsvarsbygg Basen for detaljar.
Ullensaker ligg heilt nord i Osloregionen med kort veg til både Oslo lufthamn og Oslo. Motorvegar og jernbane knyter området effektivt til andre sentrale delar av Austlandet. Sjå nettstaden til Ullensaker kommune for meir informasjon.