_MG23642

Høybuktmoen (GSV)

Høybuktmoen leir ligg ei mil vest for Kirkenes. Leiren er heimebase til Garnisonen i Sør-Varanger (GSV) som vaktar grensa vår mot Russland.

Adresse
Garnisonen i Sør-Varanger, 9912 Hesseng
Kontakt
915 03 003

Garnisonen i Sør-Varanger (GSV), òg kalla Grensevakta, har som hovudoppgåve å patruljere og overvake den 198 kilometer lange norsk-russiske grensa. Grensevakta er underlagt Finnmark landforsvar og er organisert i fem kompani: Jarfjordkompaniet, Pasvikkompaniet, Utdanningskompaniet, Garnisonskompaniet og Jegerkompaniet.

Grensevakta har tilhald på Høybuktmoen leir, 13 kilometer aust for Kirkenes by i Sør-Varanger kommune. Sør-Varanger ligg heilt nordaust i Troms og Finnmark fylke, og grensar til to av våre naboland i aust: Finland og Russland. Grensa mot Russland er også Schengen-grense, noko som stiller høge krav til nærvær og overvaking.

Personellet opererer i små einingar langs grensa, og bur periodevis langt unna Høybuktmoen. Personellet løyser oppdraget med båt og til fots – og med ski og snøscooter om vinteren. Grensevakta utdannar om lag 600 soldatar kvart år.

Einingar frå Forsvarets verkstad Troms-Finnmark og forsyningsavdelinga til Forsvarets logistikkorganisasjon held òg til på Høybuktmoen.

Aktivitetar og lokalmiljø

Høybuktmoen er omgitt av vakker natur sommar som vinter. Kommunen byr på eit stort spekter av naturopplevingar. Om sommaren står sola midt på himmelen ein månad i strekk, og den lange vinteren gjer kommunen til eit paradis for vinteraktivitetar. 

Kommunen har ei rekkje lag og foreiningar for fritidsaktivitetar. Anten du driv aktivt med idrett, eller om du er lidenskapleg oppteken av film, foto, snøscooterar eller hundar, vil du finne eit tilbod som passar for deg. Sjå nettsidene til kommunen for meir informasjon.

Kommunen har 10 000 innbyggarar, og Kirkenes er bysenter og endestopp for Hurtigruten. Lufthamna har daglege direkteflygingar til Oslo og fleire andre destinasjonar. 

Bustad og familienettverk

Om du treng meir informasjon om utleigebustadar på tenestestaden, kan du lese meir på Forsvarsbygg Basen.

Det er frivillige familienettverk ved fleire av Forsvarets tenestestader. I Sør-Varanger finn du Vargtussan – eit nettverk for tilsette kvinner og medflyttarar. Nettverket gir deg eit alternativ til det å bu på ein stad med sterk tilknyting til Forsvaret. Vargtussan arrangerer jamlege treff, treningar og festar. Du finn oss på Facebook.

Familiekoordinator

For å gi betre støtte til forsvarsfamiliane, er det familiekoordinatorar ved dei fleste tenestestadene til Forsvaret. Koordinatoren skal leggje til rette for familiesamlingar, møte og gi informasjon om kva avdelinga kan tilby familiane.

Kontakt basen eller avdelinga di for å komme i kontakt med familiekoordinatoren din.