Leiren ligg snaue to mil sør for Lakselv i Troms og Finnmark fylke. Etter ein del år utan særleg aktivitet, blir Porsangmoen i 2020-åra utvikla til eit militært kraftsenter i den nordlegaste delen av landet vårt. Innan 2025 vil bataljonen ha rundt 800 soldatar på Porsangmoen.
Dette er senteret til Garnisonen i Porsanger og stabshovudkvarter til Finnmark landforsvar (FLF). Staben er ei felles leiing for Hærens og Heimevernets samla landstyrkar i Finnmark. I tillegg til staben held også Porsanger bataljon til i leiren. Bataljonen er under oppbygging, med Kavalerieskadron 2 som den største avdelinga.
Porsangmoen husar også Finnmark heimevernsdistrikt (HV-17) med innsatsstyrkar, Heimevernets skule- og kompetansesenter, Alliert treningssenter, Cyberforsvaret, Forsvarsbygg og fleire andre støtteeiningar til Forsvaret.
Forsvarets verkstad Troms–Finnmark har ein av dei fem landverkstadene sine på Porsangmoen. Forsvarets logistikkorganisasjon er òg representert med Forsyningsseksjon Finnmark. Seksjonen leverer forsyningar og tenester til Forsvarets avdelingar i Porsanger.
I tillegg til Porsangmoen leir omfattar garnisonen Luftforsvarets base Banak i Lakselv, og Porsanger og Hálkavárre skyte- og øvingsfelt like aust for leiren. Fram mot 2025 investerer Forsvaret om lag 1,5 milliardar kroner for å utvikle leiren. Både bustader, forlegningar, verkstader, kontorbygg, idrettsanlegg og vegar blir rusta opp. Vi skal også gjere naudsynte sikringstiltak og modernisere skytefeltet. Les meir om prosjektet hos Forsvarsbygg.