VH_FMS_2404_546-huseby

Huseby

Huseby leir i Oslo er hovudkvarteret til Hans Majestet Kongens Garde.

Adresse
Sørkedalsveien 148, 0745 Oslo
Kontakt
915 03 003

Huseby leir ligg i Vestre Aker i Oslo kommune. Leiren er hovudkvarteret til Hans Majestet Kongens Garde. Her har alle Gardens avdelingar tilhald, unntatt rekruttkompaniet 6. gardekompani, som held til på Terningmoen leir på Elverum. I tillegg til Garden har Operasjonsstøtteavdeling Huseby, Forsvarsbygg, Forsvarets logistikkorganisasjon og Forsvarets sanitet fleire tilsette på Huseby.

Leiren blir vakta av væpna gardistar 24 timar i døgnet. Leiren blei ombygd i 1980-åra og har blant anna oppstillingsplassar for alle kompania, parkeringsplassar, mannskapsmesse, innandørs skytebane, våpendepot, idrettshall og eksersisplass. Velferdsbygget og Gardehallen ligg like utanfor leiren. 

Aktivitetstilbod

Som landets største by har Oslo naturlegvis eit vell av tilbod innan kultur, idrett og andre fritidsaktivitetar. Det er også fleire flotte turløyper i området, mellom anna Marka med mange flotte løyper for fotturar, sykkel og ski. Leiren ligg nær t-bana med hyppige avgangar til sentrum.

Forsvaret har fleire utleigeboligar for militært personell i Oslo-området. Sjå Forsvarsbygg Basen for meir informasjon.

Familiekoordinator

For å gi betre støtte til forsvarsfamiliane, er det familiekoordinatorar ved dei fleste tenestestadene til Forsvaret. Koordinatoren skal leggje til rette for familiesamlingar, møte og gi informasjon om kva avdelinga kan tilby familiane.

Kontakt basen eller avdelinga di for å komme i kontakt med familiekoordinatoren din.