Brigader Elisabeth Michelsen ble satt inn som ny sjef for Heimevernet, 20 august, og seremonien ble gjennomført på Terningmoen Leir.

Terningmoen

Terningmoen ligg i Elverum, og her finn du Heimevernsstaben, Hærens skule for rekrutt- og fagutdanning, og Hærens våpenskule.

Adresse
Hamarvegen 110, 2406 Elverum
Kontakt
915 03 003

Saman med Rena leir ligg Terningmoen under Østerdal garnison. Terningmoen leir ligg like utanfor Elverum sentrum, og leiren husar Hærens skule for rekrutt- og fagutanning, Heimevernsstaben, Opplandske heimevernsdistrikt (HV-05), Hærens våpenskule med Forsvarets vinterskule og Kompani Østerdalen. Her er òg avdelingar frå operasjonsstøtte Terningmoen, Forsvarets personell- og vernepliktssenter, Forsvarsbygg og Forsvarets verkstad Østerdalen og Forsvarets logistikkorganisasjon Forsyning.

Lurer du på kva som går føre seg av militær aktivitet i området, kan du gå inn på varslingssida for Østerdalen garnison

Aktivitetar og lokalsamfunn

Elverum dannar inngangen til Østerdalen i Innlandet fylke. Kommunen har over 21 000 innbyggarar, og er eit eldorado for jakt, fiske, tur, ski og anna friluftsliv. Trysilfjellet er eit av dei beste skianlegga i Norden, og ligg like nord for Elverum. Sjå nettstaden til Elverum kommune for meir informasjon.

Forsvaret har fleire tilbod for alle som har tilknyting til Østerdal garnison. Det er mogelegheiter for å låne kano, kajakk, fiskeutstyr med meir. Elverumshallen og Terningen Arena gir rom for å drive med dei aller fleste innandørsaktivitetar, inkludert turn. Du kan òg bruke Elverum symjehall og drive hestesport ved Elverum rideklubb.

Høgskolen i Innlandet har studiestad i Elverum, og tilbyr fleire fagutdanningar.

Dersom du ønskjer litt storbyliv, er det motorveg heile vegen til Oslo. Køyreturen tar ein time og tre kvarter. Oslo lufthamn ligg berre ein dryg time unna. Elverum har dessutan gode tog- og bussamband.

Bustad og familienettverk

Forsvaret har fleire bustader for personellet ved Terningmoen leir. Sjå Forsvarsbygg Basen for meir informasjon.

Familiekoordinator

For å gi betre støtte til forsvarsfamiliane, er det familiekoordinatorar ved dei fleste tenestestadene til Forsvaret. Koordinatoren skal leggje til rette for familiesamlingar, møte og gi informasjon om kva avdelinga kan tilby familiane.

Kontakt basen eller avdelinga di for å komme i kontakt med familiekoordinatoren din.