Hovedkvarteret for Etterretningstjenesten på Lutvann

Lutvann

Lutvann leir ligg mellom Trosterud og Lutvann, aust i Oslo. Dette er hovudkvarteret til Etterretningstenesta og Heimevernet i Oslo.

Adresse
Lutvannsveien 60, 0676 Oslo
Kontakt
915 03 003

Lutvann leir er stabskvarteret til Oslo og Akershus heimevernsdistrikt (HV-02). Distriktet har territorialansvar for Osloregionen og rykkjer ut ved kriser og store hendingar. Einingar frå Forsvarsbygg og Forsvarets logistikkorganisasjon har òg kontor og depot her.

Leiren er kanskje mest kjend som hovudkarter til Etterretningstenesta og Forsvarets etterretningsskule. Tenesta er Noregs militære og sivile etterretningsteneste for utlandet og skaffar norske styresmakter analyser og informasjon som kan påverke norsk tryggleik og norske interesser. Etterretningsskulen tilbyr utdanningar og kurs i språk og etterretning.

I tillegg til Lutvann har etterretningstenesta fleire anlegg rundt om i landet:

  1. Kvar: Lutvann i Oslo.
    Kva: Leiing, administrasjon, handsaming av informasjon, analyse og rapportering.
    Når: Grunnsteinen lagt i 1994, bygget stod klart i 1998.

  2. Kvar: Veten i Fauske, Nordland fylke.
    Kva: Stasjonen samlar inn og analyserer informasjon frå utvalte satellittar i verdsrommet.
    Når: Etablert i 1952. Var frå 1965 til 1995 to stasjonar, men no er berre ein stasjon operativ.

  3. Kvar: Andenes, Nordland fylke.
    Kva: Stasjonen samlar inn, analyserer og rapporterer maritim aktivitet i nordområda.  Stasjonen samarbeider tett med 333 skvadrons maritime overvakingsfly.
    Når: Etablert i 1974.

  4. Kvar: Vårberget, Vardø, Troms og Finnmark fylke.
    Kva: Stasjonen opererer Globus-radarane som kartlegg rørsler i luftrommet over Barentshavet og andre norske interesseområde i nord. Radarane samlar òg inn informasjon om aktivitet i verdsrommet.
    Når: Aktivitet på stasjonen sidan 1950-åra.

  5. Kva: Thomaselv i Vadsø, Troms og Finnmark fylke.
    Kva: Forsvarets stasjon Varanger er ein lytte- og peilestasjon. Stasjonen har dessutan ansvar for eit administrasjons- og støtteelement på Høybuktmoen, og ei innsamlingseining på Viksjøfjell, begge i Sør-Varanger kommune.
    Når: Stasjonen i Vadsø etablert i 1951. Aktivitet i Sør-Varanger frå 1947.

  6. Kvar: Eggemoen, Ringerike, Viken fylke.
    Kva: Forsvarets stasjon Ringerike driv innsamling mot utvalde satellittar i verdsrommet.
    Når: Stasjonen blei etablert i år 2000 og bemanna i 2005.

Aktivitetstilbod

Som landets største by har Oslo naturleg nok uendelege tilbod innan idrett, kultur, underhaldning og naturopplevingar. Vala er mange, anten du ønskjer kulturelt påfyll på teater, opera, konsertar og klubbar – eller fysiske utfordringar i langrennsløypa eller i alpinbakken. Frå Lutvann leir er det dessutan kort veg til marka og mange flotte tur- og skiløyper.

Vil du bade og sole deg, kan du velje mellom utandørs badeanlegg som Frognerbadet, eller ta ein ferjetur over til ei av øyane i Oslofjorden. Nokre av dei beste idrettslaga og arenaene i Noreg ligg i Oslo.

Som hovudstad er byen eit naturleg knutepunkt for både nasjonale og internasjonale reiser, og plasseringa gjør Oslo til ein unik hovudstad. Vil du vite meir om Oslo, sjå nettsidene til Oslo kommune.

Bustad

Forsvaret har over 300 utleigebustader for tilsette i Osloregionen. Likevel må mange ut på den sivile leigemarknaden for å finne bustad i Oslo. Sjå Forsvarsbygg Basen for informasjon om Forsvarets utleigebustader.

Familiekoordinator

For å gi betre støtte til forsvarsfamiliane, er det familiekoordinatorar ved dei fleste tenestestadene til Forsvaret. Koordinatoren skal leggje til rette for familiesamlingar, møte og gi informasjon om kva avdelinga kan tilby familiane.

Kontakt basen eller avdelinga di for å komme i kontakt med familiekoordinatoren din.