Alle søknadar og innstillingar blir først handsama av dekorasjonsseksjonen til Forsvarets veteranteneste. Deretter sender vi dei til eit av Forsvarets dekorasjonsråd, som handsamar innstillingane. Forsvarssjefen har oppretta tre slike råd:
Forsvarssjefens stridsdekorasjonsråd er rådgivande organ for forsvarssjefen ved søknader om stridsdekorasjonar. Rådet gir også innspel i enkeltsaker og sender forslag til forsvarssjefen for endeleg avgjersle eller eventuelt vidare til Forsvarsdepartementet. Leiaren av rådet skal vere ein pensjonert offiser på minimum generalmajor/kontreadmiralsnivå. I tillegg deltar sjefane for Hæren, Sjøforsvaret og Luftforsvaret, samt Forsvarets sjefssersjant og en person med juridisk kompetanse.
Forsvarssjefens dekorasjonsråd er rådgivande organ for forsvarssjefen i spørsmål om fortenestedekorasjonar, medaljar for internasjonal teneste og ferdigheitsmedaljar som ikkje forsvarssjefens stridsdekorasjonsråd skal handsame. Sjefen for dekorasjonsseksjonen i Forsvarets veteranteneste leiar rådet. I tillegg deltar ein representant frå høvesvis Hæren, Sjøforsvaret, Luftforsvaret og Heimevernet.
Forsvarssjefens dekorasjonsråd for Etterretningstenesta er rådgivande organ for forsvarssjefen i spørsmål om dekorasjonar til Etterretningstenesta sitt personell. Leiaren for Forsvarssjefens stridsdekorasjonsråd eller Forsvarssjefens dekorasjonsråd er rådsmedlem.
I tillegg har Forsvarsdepartementet sitt eige dekorasjonsråd. Rådet rådgir forsvarsministeren i alle dekorasjonssaker som skal opp i Kongen i statsråd. Rådet skal ikkje overprøve den militærfaglige vurderinga som er gjort av forsvarssjefen. I staden skal rådet vurdere sakene i eit forsvarspolitisk, historisk og folkerettsleg perspektiv. Rådet har fem medlemmar med særleg kompetanse innan historie, folkerett, menneskerettar og forsvar.