Forsvarets undersøking om mobbing og seksuell trakassering 2022–23
Vinteren 2022–23 gjennomførte Forsvaret for tredje gong ei undersøking over omfanget av mobbing og seksuell trakassering i Forsvaret. Dette er resultata frå undersøkinga.
Forsvaret gjennomførte vinteren 2022–23 ei spørjeundersøking om mobbing og seksuell trakassering i organisasjonen. Det var den tredje undersøkinga i sitt slag. Ho gjekk ut til alle tilsette i Forsvaret og meinige som hadde tenestegjort i minst seks månader. 10 891 respondentar, tilsvarande 48 prosent, svara på undersøkinga.
– Resultata er viktige for å kunne jobbe målretta mot mobbing og seksuell trakassering. Undersøkinga gir oss konkret kunnskap og fakta i dette arbeidet, seier generalmajor Elisabeth Michelsen, leiar for Forsvarets avdeling for profesjon og kultur.
FFI har analysert undersøkinga på oppdrag frå Forsvaret. Under kan du laste ned heile rapporten med resultata.
Undersøkinga viser at omfanget av både mobbing og seksuell trakassering har endra seg lite frå førre kartlegging i 2020.
– Tala viser at vi har ein veg å gå for å rydde opp, og det arbeidet er vi i gang med no. Eitt tilfelle av mobbing og seksuell trakassering er eitt tilfelle for mykje, seier Michelsen.
Det siste året har Forsvaret sett i verk ei rekkje tiltak, analysar og kartleggingar for å få bukt med slike uønskte hendingar – og for å rydde opp i handteringa av varsel.
– Vi jobbar no med å følgje opp alle tiltaka som er gjennomførte, både på det førebyggjande sporet og på handteringssporet. Framover skal vi setje den militære profesjonen i sentrum, og vi skal rette innsatsen langs tre linjer: systema våre, leiing og kultur, seier Michelsen.
Fakta – dette er hovudfunna
- 11 prosent av dei tilsette og 24 prosent av meinige/studentar har opplevd ei eller anna form for mobbing siste seks månader. Kjønn, alder og personellgruppe har betyding for kor mykje mobbing dei opplever.
- Blant dei tilsette er det dei kvinnelege spesialistane (20 prosent) som har opplevd mest mobbing, og dei mannlege offiserane som har opplevd minst (7 prosent).
- 19 prosent av dei tilsette og 34 prosent av meinige/studentar har opplevd ei eller anna form for seksuell trakassering minimum ein eller to gonger i løpet av det siste året. Kvinner har opplevd mykje meir seksuell trakassering enn menn, og dei yngre meir enn dei eldre.
- «Kjønnstrakassering» er den vanlegaste forma for seksuell trakassering, etterfølgd av «uønskt seksuell merksemd». Vi finn nokre tilfelle av «seksuelt press» og «seksuelle overgrep». Det siste året har nesten halvparten av kvinnelege meinige/studentar og spesialistar opplevd «kjønnstrakassering». Nesten 40 prosent har opplevd «uønskt seksuell merksemd» minimum ein eller to gonger. Til samanlikning har rundt 4 prosent av sivilt tilsette menn i Forsvaret opplevd «kjønnstrakassering» eller «uønskt seksuell merksemd».
- Fleirtalet av respondentane vet kvar dei finn informasjon om varsling i Forsvaret. Likevel blei det berre varsla eller sagt frå om 38 prosent av mobbehendingane og 21 prosent av hendingane med seksuell trakassering.
- Mobbehendingane det blir varsla oftast om, er «utestenging» og «truande åtferd», mens det for seksuell trassering er «seksuelt press» og «seksuelle overgrep». For både mobbing og seksuell trakassering er det vanlegast å varsle til næraste leiar eller kollega.
- Både kvinner og menn gir dei same grunnane for ikkje å varsle. Dei ønskte ikkje å gå vidare med hendinga, dei var usikre på om hendinga var alvorleg nok og dei trudde ikkje varselet ville føre fram.
- Blant leiarar med personalansvar svara 7 av 10 at dei har fått opplæring i korleis handtere varslingssaker. Kva type opplæring leiarane har fått, varierer ein del mellom driftseiningane i Forsvaret.