Forsvarets kampfly

F-35 er eit av dei beste kampflya i verda. Kvar dag, kvart minutt står norske F-35 på beredskap for Noreg og NATO.

F-35 tar av fra Keflavik International Airport under IAP 2020.

Moderne og effektivt

To norske F-35A flyr over sør-Norge / RNorAF F-35As 5149 & 5150 over a snow-covered Southern Norway

Noreg skal innan 2025 motta 52 kampfly. Hovudbasen til dei norske kampflya er Ørland flystasjon, med ein framskoten base på Evenes.

​​​​​​​​​​​​​​​​​​​​​​​​​​​​​​​​​F-35 er eit multirollefly, som vil seie at det bygd for å løse ei rekke ulike oppdrag, både aleine og saman med andre.

Kampfly er ein av dei viktigaste kapasitetane i ​eit moderne og effektivt forsvar.​ Flya sikrar at vi kan hevde norsk suverenitet og halde enda betre kontroll med områda våre på land, til havs og i lufta.​

F-35 gjer Noreg tøffare og raskare ved utrykkingar og avskjeringsoppdrag i nordområda. Med sensorane til F-35 kan vi finne, følgje og identifisere andre fly frå langt større avstandar enn før. F-35 gjer dessutan denne jobben utan å bli oppdaga av andre fly.

Pil til høyre
Dette betyr F-35 for Noreg

I verdsklasse

Et F-35A kamply passerer lavt over en soldat på Tarva skytefelt

Kampflya har avanserte system som samlar og fordøyer alle data og målingar frå sensorane. Flyet lagar dermed eit ferdigtygga bilete som gir flygaren ei overlegen forståing og oversikt over situasjonen. Dette kan flygaren bruke til eigen fordel for å vinne ein luftkamp.

Fleire av dei viktigaste allierte og partnarane våre har òg kjøpt F-35. Eit felles kampflysystem vil difor gjere fleirnasjonale luftoperasjonar og anna militært samarbeid langt enklare og meir effektivt i framtida.​​

Framdrift

F-35 jagerfly over Rondane i Norge / F-35 fighter jets from Royal Norwegian Air Force over Rondane mountain plateau
  • Dei første F-35 landa i Noreg 3. november 2017. Då starta ein omfattande test- og evalueringsfase av dei nye kampflya.
  • Hausten 2019 starta F-35 gradvis å ta over oppgåvene til F-16. Den norske F-35-flåten blir fullt operativ frå 2025.
  • I januar 2022 tok F-35 over QRA-beredskapen frå F-16. Samstundes blei de norske F-16-flya pensjonerte.
  • Per november 2023 har Noreg mottatt 40 av 52 planlagde kampfly.
Pil til høyre
Milepålar – før, i dag og framover

Fakta

F-16 pilot under Øvelse Oslofjord på Rygge i 2019. F-16 kampfly og F-16 pilot under Øvelse Oslofjord 2019.
  • Produsent: Lockheed Martin
  • Vekt: 13,3 tonn (tom). 31 tonn (maks)
  • Lengde: 15,5 meter
  • Vengespenn: 10,6 meter
  • Motor-skyvekraft: 40.000 pund
  • Toppfart: 1931 km/t
  • Drivstoffkapasitet: 8,3 tonn
  • Rekkevidde: 2200 km
  • Tal på fly: 52
  • Fullt operativt frå: 2025

Skulle snekre møbler, nå flyr han F-35

Vanskelig å bli kampflyger, sier du? Det trodde Ståle Nymoen også.

Pil til høyre
Sjef 332 skvadron, oberstløytnant Ståle Nymoen.
Flyteknisk utdanning
Vil du jobbe med nokre av dei mest avanserte flysystema i verda? Luftforsvaret utdannar flyteknikarar til Forsvaret sine kampfly, helikopter og maritime overvakingsfly.
Flygar- og navigatør­­utdanning
Freistar jobben som flygar eller navigatør på nokre av dei mest avanserte flya og helikoptra i verda? Luftforsvarets skulesenter utdannar flygarar og navigatørar til Forsvaret.