Bardufoss garnison er den største militærleiren i Nord-Noreg. Garnisonen er eit større kompleks som omfattar Bardufoss flystasjon og leirane Heggelia og Rusta. Saman med Setermoen og Skjold leirar, er Bardufoss eit militært kraftsenter i nord.
Frå flystasjonen opererer Luftforsvarets maritime helikopterving, og 337 skvadron. I tillegg held Luftforsvarets flygeskule til her med Saab Safari som undervisningsfly. I framtida vil også Seahawk operere frå flystasjonen.
Forsvaret sørgjer for drifta og tryggleiken på både den sivile og militære delen av flyplassen. 339 skvadron opererer med tre av sine Bell 412 SP-helikopter ut frå Bardufoss.
Hærstaben held også til på Bardufoss. Det same gjer Sambandsbataljonen, Stridstrenbataljonen, Militærpolitikompaniet, Trenregimentet og Brigadestaben. Desse hæravdelingane er tett integrerte med Hæren på Skjold og Setermoen, som ligg høvesvis tre kvarter og ein halv times køyretur unna.
Forsvarets logistikkorganisasjon (FLO) er representert med Regional logistikkleiing Nord (RLL N). Forsvarets verkstad Troms-Finnmark, som inngår i FLO, har ein fellesverkstad i Rusta leir. På Bardufoss driv FLO også eit uniformsutsal og ein flyterminal for handsaming av nasjonal og alliert flytransport.
Hundeekvipasje frå Militærpolitiets hundetropp K9. Militærpolitikompaniet har hovudkvarteret sitt på Bardufoss. Foto: Ole-Sverre Haugli, Forsvaret
Soldatar frå Militærpolitikompaniet på øving. Kompaniet har 60 tilsette og 60 vernepliktige. Hovudoppgåva er å halde ro og orden blant militært personell. Foto: Ole-Sverre Haugli, Forsvaret
Eit Bell 412 i lufta.
Fleirbrukshuset Istindportalen har kontor, bibliotek, kino og treningssenter. Foto: Taral Jansen, Forsvaret

Aktivitetstilbod
Som Forsvarets største leir i Nord-Noreg, har Bardufoss mange tilbod til forsvarstilsette og familiane deira. Fleirbruksbygget Istindportalen har to kinosalar, bibliotek, kafé, idrettshall, treningsstudio og klatrevegg. Velferda på Bardufoss låner ut mykje fritids- og idrettsutstyr, og har fleire spelkonsollar.
Like ved ligg badelandet Polarbadet, og tre mil unna finn du skianlegget Målselv fjellandsby. Langs heile Målselvvassdraget er det fine turområde med gode høve for fiske og andre villmarksopplevingar.
Bardufoss lufthamn har daglege direkteflygingar til Oslo.
Soldatar frå Sambandsbataljonen i Brigade Nord trenar på stridskontakt. Foto: Ole-Sverre Haugli, Forsvaret
Sambandsbataljonen held til på Heggelia leir på Bardufoss. Bataljonen sørgjer for at avdelingane kan kommunisere med kvarandre ute i felt. Foto: Frederik Ringnes, Forsvaret
Soldatar frå Stridstrenbataljonen transporterer ammunisjon til framskoten lagring i felt. Bataljonen har rundt 200 tilsette og 300 vernepliktige. Foto: Ole-Sverre Haugli, Forsvaret
Stridstrenbataljonen held til på Rusta leir på Bardufoss. I tillegg er det eit kompani på Rena i Innlandet. Foto: Ole-Sverre Haugli, Forsvaret

Kommunen og bustad
Bardufoss er knutepunktet i Målselv kommune, sør i Troms og Finnmark fylke. Kommunen har rundt 6650 innbyggarar. Tromsø ligg knappe to timar unna med bil.
Landskapet er sterkt dominert av Målselvdalen. I botnen av dalføret slyngjer Målselva seg. Eit anna viktig dalføre er Dividalen med Divielva. Store delar av kommunen er dekt av skog.
Bustad og familienettverk
Forsvaret har fleire utleigebustader for personellet på Bardufoss. Sjå Forsvarsbygg Basen for meir informasjon.
Ved fleire av Forsvarets tenestestader er det frivillige familienettverk. På Bardufoss finn du Jenteligaen, ei sosial foreining for alle kvinner som er tilknytt Forsvaret på Bardufoss – både tilsette og medflyttarar. Jenteligaen arrangerer treff, festar og turar. Ta gjerne kontakt med Jenteligaen på Facebook.
Familiekoordinator
For å gi betre støtte til forsvarsfamiliane, er det familiekoordinatorar ved dei fleste tenestestadene til Forsvaret. Koordinatoren skal leggje til rette for familiesamlingar, møte og gi informasjon om kva avdelinga kan tilby familiane.
Kontakt basen eller avdelinga di for å komme i kontakt med familiekoordinatoren din.