reservebilde

Status Afghanistan

Her finn du forsvarsrelatert informasjon i samband med uttrekkinga frå Afghanistan i august 2021.

Frå desember 2001 bidrog Forsvaret med styrkar til NATO i Afghanistan. Måndag 30. august 2021 drog dei siste norske soldatane frå Kabul heim til Norge. Eit snautt døgn seinare forlot også dei siste amerikanske styrkane Kabul, og Noreg og NATO er no heilt ute av landet.

Spørsmål og svar

  1. NATO vedtok 14. april 2021 at alle allierte styrkar skal trekkjast ut av Afghanistan, og dette støtta Noreg. NATO starta å trekkje ut soldatar i mai. Våren 2021 hadde Forsvaret om lag 100 soldatar i Afghanistan: ein styrke frå Forsvarets spesialstyrkar som trena det afghanske tryggingspolitiet, ei gruppe sanitetspersonell ved feltsjukehuset i Kabul og nokre stabsoffiserar ved operasjonens hovudkvarter i Kabul. Spesialstyrkebidraget blei avslutta i juni 2021, og fram til 30. august bestod det norske militære nærværet i landet av sanitetspersonell ved feltsjukehuset i Kabul.

    I midten av august tok Taliban kontrollen over landet, inkludert hovudstaden i Kabul. Fleire land – også Noreg – starta då med å evakuere ut sine statsborgarar, utsendt personell, lokalt tilsette og andre.

    Det norske Utanriksdepartementet leidde den norske evakueringa av sivile, og Forsvaret hadde ei sentral rolle i operasjonen. Mellom anna med eit C-130J Hercules transportfly og styrkar frå ei rekkje forsvarsavdelingar. Forsvaret nytta flyplassen i Tbilisi i Georgia som transittstasjon på flygingane mellom Noreg og Kabul.

    Regjeringa avslutta evakueringsoperasjonen 26. august, og det siste flyet med evakuerte landa i Noreg 27. august. Då hadde norske myndigheiter ved hjelp frå Forsvaret henta ut i overkant av 1100 menneske, av dei var rundt 400 barn. Dei siste norske styrkane reiste frå Kabul om morgonen måndag 30. august og kom heim til Noreg same kveld.

    Du kan lese meir om kven dei uthenta er på Utanriksdepartementets sider.

  2. Ja. Dei siste norske styrkane reiste frå Kabul klokka 04.34 norsk tid måndag 30. august 2021. Det er no ikkje lenger nokon norske eller allierte soldatar eller militærpersonell att i Afghanistan. Dei siste amerikanske styrkane reiste eit snautt døgn etter.

    Dei siste vekene før uttrekkinga hadde Forsvaret eit 40-tals personell inne på Hamid Karzai internasjonale lufthamn i Kabul. Personellet var sanitetspersonell som jobba og drifta feltsjukehuset på flyplassen saman med amerikanarane.

    I tillegg hadde Noreg ei gruppe spesialsoldatar frå Forsvarets spesialstyrkar som bidrog og støtta i evakueringa og uttrekkinga frå Kabul.

    Forsvaret og norske myndigheiter har jobba tett saman med våre allierte om uttrekkinga av militære styrkar og utstyr frå Afghanistan. Det norske personellet var blant dei siste til å forlate landet, sidan dei bidrog med viktig støtte til dei gjenverande allierte styrkane. Feltsykehuset blei drifta saman med det amerikanske forsvaret.

  3. I tillegg til dei siste styrkane i Afghanistan, hadde Forsvaret andre avdelingar i sving i samband med evakueringa og uttrekkinga. Desse hadde base utanfor Afghanistan, i Tbilisi i Georgia. Basen blei avvikla 30. august, og personellet kom heim til Noreg natt til tysdag 31. august.

    Luftbidraget Norwegian Air Task Unit

    Luftforsvaret stilte 16. august eit transportflybidrag (Norwegian Air Task Unit, NOR ATU) for å støtte med logistikk og taktisk transport. Bidraget blei 19. august deployert til Tbilisi i Georgia. Derfrå flaug bidraget inn og ut av Kabul for å hente ut sivilt og militært personell, og noko materiell. Dette krevjande oppdraget blei løyst kontinuerleg frå 19. august, og fram til evakueringa av sivile blei stansa 26. august.

    Bidraget i Tbilisi bestod av eitt C-130J Hercules transportfly, 2 flybesetningar, tryggingspersonell og støttefunksjonar – totalt 35 soldatar frå Luftforsvaret. I tillegg gav sanitetspersonell frå Forsvarets sanitet medisinsk hjelp om bord på flyet.

    I tillegg til C-130J, bidrog C-17 Globemaster frå Papa i Ungarn. C-17 er ein strategisk transportkapasitet som eigast av tolv land, mellom andre Noreg. Noreg nytta sine C-17-flytimar til å bidra i evakueringsarbeidet. Luftforsvaret har fleire norske besetningsmedlemmar på C-17, mellom anna flygarar og lastemeistarar. Luftforsvaret hadde også eit ekstra C-130J parat heime i Noreg om det skulle ha blitt behov for ekstra støtte.

    Transittsenter i Georgia – Task Unit Tbilisi

    I tillegg til flybidraget var ein styrke på rundt 50 soldatar frå Hæren på plass ved flyplassen i Tbilisi i Georgia. Styrken hadde namnet Task Force Tbilisi og kom hovudsakleg frå Brigade Nord. Styrken bygde opp ein leir som fungerte som eit transittsenter for dei som blei evakuerte ut av Afghanistan. Alle dei norske flygingane ut av Kabul, landa i Tbilisi. Der blei personar og materiell tatt hand om av den norske hærstyrken før dei blei frakta vidare.

    Les meir om bidraget i denne saka.

    WilNor Gorvermental Services (WGS)

    20. august 2021 fekk WilNor Governmental Services (WGS) ei hastemelding frå Forsvaret, som ønskte assistanse i Tbilisi i Georgia, for evakueringsoperasjonen frå Afghanistan. WGS er Forsvarets største strategiske partnar på logistikksida. WGS blir kontrollert av Wilhelmsen Gruppen som har eit stort globalt maritimt nettverk og eit kontor i Georgia.

    WGS tok straks kontakt med kontoret i Georgia, og dei sette i gang ein logistikkoperasjon for raskt å skaffe nødvendige artiklar som:

    • Portable toalett og dusjar
    • Flaskevatn og mineralvatn
    • Mat
    • Drivstoff
    • Bleier, våtserviettar, leiker og brystmjølkerstatning
    • Diverse forbruksvarer

    Operasjonen viste den beredskapsmessige verdien av samarbeidet mellom Forsvaret og godt trena strategiske partnarar. Med god koordinering og leiing jobba lokale representantar for WGS – nærast døgnet rundt – tett med Forsvarets Task Unit Tbilisi. Dette gjorde at svoltne og slitne evakuerte frå Kabul kunne kvile, ete og gjenvinne kreftar under første stopp på reisa frå Kabul.

  4. For kommentarar, kontakt kommunikasjonsavdelinga ved Forsvarets operative hovudkvarter på telefon 40 43 80 83 eller e-post: foh.info@mil.no

    De finn aktuelle bilete i Forsvarets mediearkiv.

Afghanistan

Les meir om Noregs 20 år med militært nærvær i Afghanistan

Pil til høyre
norske spesialsoldater i afghanistan

Meir om norsk deltaking i Afghanistan

Noreg har i løpet av dei siste 20 åra bidratt i fire ulike operasjonar i Afghanistan, og ti norske soldatar har falt i teneste for Noreg.

Dei siste åra og fram til 2021 deltok Noreg med eit spesialstyrkebidrag til Resolute Support Mission (RSM) i Kabul. Frå våren 2020 har Noreg òg bidratt med eit sanitetsbidrag til feltsjukehuset ved Hamid Karzai internasjonale lufthamn i den afghanske hovudstaden.

Spesialstyrkebidraget blei avslutta i juni 2021, og dei siste norske spesialsoldatane kom heim 26. juni. Med det var ein 20 år lang epoke i norsk forsvarshistorie over.

Fortsatt har Noreg personell ved feltsjukehuset i Kabul.

Viktig for NATO

Forsvarssjef Eirik Kristoffersen meiner dette viser kor viktige desse oppdraga er:

– Det er ikkje overraskande at det norskleidde feltsjukehuset i Kabul er ønskt. Feltsjukehuset består av personell med høg kompetanse som har løyst eit viktig oppdrag under utfordrande forhold, seier forsvarssjef general Kristoffersen og legg til:

– Det viser at vi bidrar med kapasitetar som er viktige – ikkje berre for Afghanistan, men òg for NATO.

Tar med viktig lærdom

– Forsvaret har lært mykje av desse åra, fortel general Kristoffersen.

Han trekkjer fram to ting som dei viktigaste lærdomane frå 20 år i Afghanistan:

For Afghanistan meiner han det er opplæringa med det afghanske tryggingspolitiet som har vore den viktigaste lærdomen for dei.

– I konfliktar vi er involverte i framover, må vi tenkje på oppbygging av lokale styrkar, fortset han.

For det norske forsvaret og NATO trekkjer han fram samarbeid som ein viktig faktor. Evna til å jobbe så tett saman over lang tid, og det samhaldet som er blitt vist.

Forma ein heil generasjon

Sjølv har Kristoffersen vore spesialsoldat. Han er høgt dekorert for innsatsen sin og har mellom anna mottatt krigskrossen med sverd. I tillegg har han deltatt i fleire operasjonar mot Taliban i Afghanistan.

– For meg var det ein veldig lærerik periode, og det var veldig meiningsfullt å tenestegjere i Afghanistan, seier han.

– Det har forma meg som soldat og offiser.

Han ser at Afghanistan-operasjonen i grunn har forma ein heil generasjon i Forsvaret. Sidan 2001 har rundt 9200 norske soldatar tenestegjort i Afghanistan. 

– Erfaringane vi har gjort desse åra, tar vi med oss vidare i arbeidet for eit stadig betre forsvar i Noreg.