Norsk English
Graduering av kadetter fra kull 68 på luftkrigsskolen.

Trondheim

Trondheim har ein sentral plass i norsk historie – og i Forsvarets historie. I dag er byen vertstad for fleire forsvarsavdelingar, mellom andre Luftkrigsskulen.

Adresse
Persaunvegen 61, 7046 Trondheim
Kontakt
915 03 003

Det militære nærveret har tradisjonelt vore stort i Trondheim, men i dag ligg dei store operative avdelingane utanfor byen – som til dømes Værnes og Ørland. Inne i byen held Luftkrigsskulen til. Skulen gir offisersutdanning til nye flygarar, navigatører og anna personell i Luftforsvaret. Utdanninga er underlagd dei same godkjenningskrava som sivile høgskular og universitet. Les meir om utdanninga her.

Luftforsvarets musikkorps held til på Byscenen i Trondheim, og forsvarsmuseet Rustkammeret finn du i Erkebispegarden like ved Nidarosdomen. Rustkammeret er eit regionalt hær- og heimefrontmuseum for Midt-Noreg og har opent for publikum frå mai til september.

Aktivitetar og lokalmiljø

Trondheim er regionshovudstad i Trøndelag, og byregionen har nærare 200 000 innbyggarar og studentar. Byen har eit vell av tilbod og mogelegheiter – anten det er trening, friluftsliv eller kultur- og byliv. Her er symjehallar, kunstisbane, skibakkar, turløyper og fotball- og idrettsbaner. Uansett kvar i byen du er, er det kort veg til marka. Sentrum er dessutan full av trivelege kafear, spisestader, butikkar og utestader. Sjå Trondheim kommune for meir informasjon.

Kadettsamfunnet ved Luftkrigsskulen arrangerer òg ei rekkje aktivitetar for skulens folk.

Bustad

Forsvaret har fleire bustader for tilsette i Trondheim. Sjå Forsvarsbygg Basen for meir informasjon. 

Familiekoordinator

For å gi betre støtte til forsvarsfamiliane, er det familiekoordinatorar ved dei fleste tenestestadene til Forsvaret. Koordinatoren skal leggje til rette for familiesamlingar, møte og gi informasjon om kva avdelinga kan tilby familiane.

Kontakt basen eller avdelinga di for å komme i kontakt med familiekoordinatoren din.